Eit fylkesbudsjett med verdi for dei verkelege verdiskaparane

Raudt Vestland legg i dag fram eit offensivt og rettferdig budsjett for 2026, der vi omfordelar frå toppen og styrkjer grunnplanet i fylkeskommunen. I ei tid med høge prisar og pressa hushaldsøkonomi prioriterer vi tiltak som faktisk gjer kvardagsøkonomien betre for folk flest.

– Folk er lei av å sjå direktørar stikke av med millionløner medan reinhaldarar og lågtløna må snu på kronene. Raudt legg fram eit budsjett der reinhaldarane får betalt lunsjpause – medan direktørane får lønspause, seier Raudt sin gruppeleiar Jeanette Syversen.


Eit historisk kollektivløft – for vanlege folk, for distrikta og for framtida

Raudt fekk gjennomslag for 1 milliard meir til kollektiv over statsbudsjettet. Dette legg grunnlaget for Raudt Vestland si største satsing dei neste fire åra: eit massivt kollektivløft som byggjer både rettferd og klimavennlege reisevanar.

– Når ungar kjem gratis på trening, når lærarar kan ta med klassen på buss utan ekstra kostnad, og når distrikta får fleire avgangar og korrespondanse med ferje og hurtigbåt – då byggjer vi eit kollektivtilbod som er avgjerande for busetnad, arbeidsreiser og tilgang til tenester i distriktsfylket Vestland, seier Syversen.

Raudt foreslår:

  1. Gratis kollektiv for barn t.o.m. 16 år
  2. Frys av billettprisar
  3. Kollektiv og vegdrift i eigenregi – effektiv styring, mindre byråkrat
  4. Auka ruteproduksjon i distrikta
  5. Forutsigbar korrespondanse mellom buss, ferje og hurtigbåt
  6. Satsing på tryggleik og vedlikehald

Grøn vekst i naturen – ikkje på marknaden

Raudt held fram sin klare linje: naturen skal ikkje ofrast for kortsiktig profitt. Med styrkt planarbeid tek fylket ansvar for å stanse naturtap og sikre berekraftig arealforvaltning.

– Vi vel grøn vekst i naturen – ikkje grøn vekst i marknaden. Fylket må ta styring og sikre at naturen ikkje blir bygd ned bit for bit, seier Raudt.

Tiltaka inkluderer:

  • Nei til nye vindkraftutbyggingar
  • Betre arealrekneskap for heile fylket
  • Sterkare naturvurderingar i alle planprosessar
  • Nært samarbeid med landbruket for matberedskap

Skule og arbeidsliv – heile stillingar, heile menneske

Raudt prioriterer arbeidsvilkår, fagkompetanse og eit sterkt lag rundt eleven.

  • Rett til heile stillingar for miljøarbeidarar
  • Tillitsreform i lag med fagbevegelsen, med tiltak for lågare sjukefråvær og betre kvinnehelse
  • Auka rammer til opplæring og kontaktlærarressursar
  • Gratisprinsippet: Eigenandel på PC fasast ut over fire år
  • Styrkt antimobbearbeid og fleire vegar til fagbrev og fullført utdanning

– Det er billegare å investere i barn og unge enn å reparere vaksne som aldri vart sett. Raudt vil styrkje den offentlege, desentraliserte vidaregåande skulen og sikre reell rett til opplæring nær heimstaden. Det er grunnlaget for sysselsetting og levande lokalsamfunn, seier Syversen.

Kultur, identitet og inkludering i heile fylket

Raudt styrkjer kulturtilbodet i heile Vestland – ikkje berre i byane.

  • Auka tilskot til breddeidrett og lågterskel kulturtilbod
  • Støtte til Epos som del av leselyst-satsinga
  • Regional styrking: Fyllingsdalen Teater, Astruptunet, Urnes verdsarvsenter, Kunstnarsenteret i Sogn og Fjordane
  • Bygningsvern i samarbeid med fagopplæringa
  • Samarbeid med Stiftelsen Lenken om formidling av krigsminne
  • Midlar til antirasistisk arbeid og lågterskeltiltak

– Kultur skal ikkje vere eit klassespørsmål. Når vi byggjer sterke kultur- og fritidstilbod i heile fylket, utjamnar vi forskjellar og gir alle – uansett bakgrunn og lommebok – tilgang til kunst, aktivitet og fellesskap. Det er slik vi skapar deltaking, likeverd og levande lokalsamfunn, seier Rita Tonning (R).

Ei solidarisk stemme i verda

Raudt vidarefører humanitær støtte til Ukraina, Gaza og Vestbreidda, og krev at fylket sine innkjøp skjer i tråd med folkeretten – inkludert utfasing av HP-produkta.

Finansiering – vi omfordelar frå topp til grunnplan

Raudt sitt budsjett er fullt finansiert gjennom målretta kutt i toppen og styrking av grunnplanet:

  • Lønsstopp og moderasjon i direktør- og politikar­godtgjersler
  • Avvikling av overflødige direktørstillingar
  • Store kutt i konsulentbruk
  • Meir drift i eigenregi – mindre pengar ut av fylket
  • Oppfølging av seriøsitetskrav med eige årsverk
  • Press på staten for å tilbakebetale tapt rentekompensasjon knytt til premieavviket

– Folk flest fortener betre enn at pengane renn ut til konsulentfirma og toppleiarar. Vi strammar inn på toppen og styrkjer dei som faktisk skapar verdiane, seier Syversen.