Program
Raudt Stord valprogram for 2023 - 2027
Kampen mot Forskjells-Noreg er ei hovudsak for Raudt. Vi ynskjer å byggje ned forskjellane i samfunnet. Me meiner det er ei av vår tids største utfordringar som samfunn. Dei siste åra har det vore ei eskalerande forskjellsutvikling. Til dømes er barnefattigdommen dobla, det er stor auke i matkøar, og det er stadig fleire som slit med å betale rekningane sine når prisane på straum, mat og andre nødvendige varer stadig aukar.
Raudts politikk handlar om å ta vare på medmenneske og motarbeide all diskriminering og rasisme. Me vil byggje eit trygt samfunn som alle kan delta i.
Me ynskjer å utvikle lokaldemokratiet, kulturlivet, og velferdstilboda i heile kommunen. Me ynskjer å gjera Stord til ein livskraftig og attraktiv kommune, der folk trivst og som fleire får lyst å flytte til.
RAUDT VIL:
- Auke minstesatsen for sosialhjelp til et nivå det er råd å leve av.
- Senke prisar på barnehage og på sikt jobbe mot gratis barnehage.
- Innføre gratis SFO fram til 4.klasse.
- Redusera eigendelar på kultur og idrettsaktivitetar
- Inngå samarbeidsavtale med NAV, og næringslivet om senke terskelen i arbeidslivet slik at ungdom og andre ledige med utfordringar kan prøve seg i arbeid i ein periode.
Barnehage og skule
Raudt vil slå ring om fellesskulen. Raudt Stord ynskjer vidare fokus på å løysa dagens utfordringar i oppvekstsektoren. Raudt vil styrke laget rundt eleven. Vi vil styrke skulane med helsesjukepleiar som har tid til barna, miljøarbeidarar, fagarbeidarar og andre viktige yrkesgrupper. Skulane treng godt utbygde støttetenester som PPT, og barne- og ungdomspsykiatri (BUP) med mange nok tilsette. Raudt vil satse på bibliotek, fritidsklubbar og alt det som er med på å gje ungdommar sine liv meining og innhald.
Raudt skal kjempa for at alle tilsette i barnehagar og skular skal få tid til å gjera ein best mogleg jobb, vere involvert i prosessar på eigen arbeidsplass og verte tekne på alvor som fagpersonar med rett til å ytre seg offentleg.
RAUDT VIL:
- Auke grunnbemanninga av faglærte i barnehage og skule.
- Fokusere på trivsel og skulemiljø ved å sikre fleire og betre turar, læremiddel og leikar, samt samarbeide med MOT
- Styrke elevressursen for å møte særskilte utfordringar tidleg, til dømes betre tilgong på spesialundervisning, vikarar, møte med BUP, PPT
- La elevressursen frå skulen følgje eleven også til SFO
- Setje skular og barnehagar fri frå dagens overdrivne målstyring
- Styrke vedlikehaldet av barnehagar og skular i kommunen
- Snarast realisere utbygginga av Langeland skule
Helse og omsorg
Ei av våre viktigaste oppgåver er å sikre og styrkje gode offentlege velferdstenester til alle som treng det. Raudt vil at omsorg for born, personar med assistansebehov, og eldre skal vere eit offentleg ansvar, og vere tenester av høg kvalitet med brukarmedvirkning. Helsetenester skal ikkje vere butikk og tenestene skal ikkje setjast på anbod.
Kommunen vil innan få år få fleire og fleire eldre som treng assistanse frå kommunale helsetenester. Heimetenesta i Stord kommune har kjent på tøffe tak i lang tid. Arbeidspresset er krevjande, og sjukefråværet er stort. Mangelen på helsepersonell er og vil bli endå større. Institusjonane slit stort med å få tak i folk, og det er tøffe tak med høgt arbeidspress som gjer at våre tilsette har ein krevjande arbeidskvardag.
RAUDT STORD VIL:
- Snarast tilføra meir ressursar til RHO-tenesta og setja i verk tiltak som betrar rekrutteringa, reduserer sjukefråveret og fremjar godt arbeidsmiljø
- Auka antal heiltidsstillingar og sikre at ingen jobbar ufrivillig deltid
- Timesatsbetalinga for støttekontaktar må aukast for å rekruttera fleire støttekontaktar
- Gje vidareutdanning til tilsette og etablere kompensasjonsordningar for tilsette som ynskjer vidareutdanne seg
- Sikre god tilgjenge på heimehjelp, med lågast mogleg eigenbetaling
- Seie nei til konkurranseutsetjing og privatisering av helsetenester
- I større grad bruka dei tilsette og brukarane sin kompetanse og erfaringar for å betra tenestene
- Krevja betre universell utforming av kollektivreiser, som betre utforma haldeplassar
- Arbeida for eit interkommunalt krematorium og eige lokale for livssynsnøytrale seremoniar
- Byggja ny sjukeheim på kommunal tomt i Sagvåg så snart som råd
- Realisere bufelleskap på Heiane
Rus og psykisk helse
Raudt Stord meiner alle har krav på eit verdig liv. Me vil ha gode behandlingstilbod for menneske med psykiske helseutfordringar, rusavhengighet og personar med rus- og psykisk liding (ROP-liding).
RAUDT STORD VIL:
- Ha gode behandlingstilbod på Stord til alle rusavhengige, og menneske med psykiske helseutfordringar
- Ha fokus på både akutt hjelp og rehabilitering.
- Gjeninnføre og styrka ordninga med erfaringsmedarbeidar i rus og psykisk helsetilbodet.
- Vidareutvikla bustadtilbodet for rusavhengige – med naudsynt tilsyn heile døgnet.
- Styrka lågterskeltilbodet, mellom anna med ein oppsøkjande tillitsperson i gatebiletet
- Jobba for eit godt samarbeid mellom kommunale tenester og spesialisthelsetenesta
Kultur og idrett
Kultur er god samfunnsøkonomi! Eit rikt kulturliv gjev trivsel, god helse, og bidreg til stabil busetjing. Stord har mange frivillige lag og organisasjonar. Raudt Stord vil styrkje desse.Kommunen må vere ein større aktør i arrangement som fremjar kultur og historie på Stord, som festivalar og torgdagar.
Høg kontingent i kulturskulen og idretten gjer klasseskilja større. Kulturtilboda skal vere for alle! Born og unge sine moglegheiter skal ikkje vera avhengig av foreldra sin økonomi.
RAUDT VIL:
- Styrkja tilbodet til kulturskulen og kommunal støtte til kor, musikkorps og idrettslag
- Sikra drifta av fritidsklubbane
- Støtte utviklinga av biblioteka som samlingspunkt
- Støtte fleirkulturelle møteplassar som treffa i Leirvikstova, og etablere nye liknande møteplassar
- Støtte kulturelle initiativ som set Stord i sentrum og skapar liv og glede.
- Redusera eigendelar på kultur og idrettsaktivitetar
- Rehabilitere symjebassenget i Stord kulturhus og kjøpe ny vassklie
- Betre fasilitetar og vedlikehald av dei kommunale badeplassane
Industri, næring og miljø
Industrien i Stord kommune er den viktigaste inntektskjelda både for innbyggjarane og kommunen, og basis for bu- og levevilkåra i distriktet. Ein heilskapleg industripolitikk må bygge på, og videreutvikle, petroleumsnæringa sine verdifulle bidrag til verdiskaping, sysselsetting og innovasjon. Industrien vil vere heilt essensiell i å lukkast med det grøne skiftet. Difor skal ingen industriarbeidsplassar forsvinne før nye er skapt; arbeidsfolk skal ikkje omstillast til arbeidsløyse!
Raudt vil jobbe for å ta vare på, og vidareutvikle, industrien gjennom ein aktiv industri- og næringspolitikk. Me vil arbeide for at areal og infrastruktur vert lagt til rette for ny industri.
RAUDT VIL:
- Opprette eit lokalt industrifond, med føremål å gjere strategiske investeringar i industriproduksjon for å sikre teknologisk utvikling og utvikle fleire industriarbeidsplassar.
- Jobbe for å gjere demolering av offshoreinstallasjonar og resirkulering av metallar til satsingsindustri på Stord.
- Støtte opp om Nasjonal kompetansesenter for yrkesfag på Stord
- Jobbe for langsiktig, føreseieleg finansiering av forsknings- og pilotprosjekt på karbon-fangst- og lagringsteknologi
- Utgreie bruk av ENØK-tiltak i alle kommunale bygg og sikre ENØK-tiltak i alle kommunale nybygg
- Verne om dyrka mark ved planarbeid av bustad og vegar, samt verne om friluftsområde og strandsonen for ålmenta
Arbeidsliv
Stord kommune slit med å få nok kvalifiserte tilsette. Viktige velferdstenester er underbemanna og sjukefråværet er høgt. Heiltidsandelen på sjukeheimar er til dømes på kun 58%.
Denne arbeidsgjevarpolitikken er korkje bra for dei tilsette eller for velferdstenestene i kommunen. Raudt meiner vi treng ei arbeidstid som det er mogeleg å leve med i turnusarbeid. I første omgang må arbeidstida ved turnusarbeid ned på same nivå som heilkontinuerlige skiftarbeidarar i industrien, 33,6 timar per uke. På lang sikt må arbeidstida seinkast til 30-timars normalarbeidsveke. Først då kan kommunen lukkast med heiltidssatsing og å tilby tenester med den kvaliteten innbyggjarane fortener. I kampen mot målemani, overstyring og sosial dumping står Raudt på -arbeidsfolk si side.
RAUDT VIL:
- Jobbe for fleire heiltidsstillingar i kommunen.
- Gjere forsøk med 6-timars arbeidsdag med full lønskompensasjon på utvalde institusjonsplassar i kommunen
- Sikre fagleg forsvarleg grunnbemanning og gode vikarordningar i skular, SFO, barnehagar, heimetenesta og helsetenestene.
- At alle bedrifter som utfører oppdrag for kommunen skal ha tariffvilkår og likeverdige pensjonsvilkår.
- At alle bedrifter som får kommunale skjenkeløyve skal ha tariffvilkår.
- Innføre ei forsøksordning for å betre arbeidsmiljø og seinke sjukefråvær der ein kommunal barnehage får tilsetje to ekstra fulltidstilsette til det direkte arbeidet med barn.
Bustadpolitikk
Raudt vil ha ein kommune alle har råd å bu i! Bustadprisane på Stord er skyhøge, og mange unge slit med å få seg eigen bustad. Bustadmarknaden har vorte ei forskjellsmaskin der bustadprisane har vakse meir enn lønene i årevis. Leigemarknaden på Stord er liten og dyr.
Raudt meiner det er tydeleg at bustadspolitikken er for utbyggjarar, ikkje for innbyggjarar. Dagens bustadmarknad fungerer ikkje, og den sosiale bustadpolitikken må attreisast. Kommunen kan sjølv ta grep for å bøte på uretten ved å utvikle nye, rimelige utleiebustadar, avvikle prinsippet om gjengs leige, og etablere leige-til-eige- ordningar som kan hjelpe fleire til å kjøpe seg eigen bustad.
RAUDT VIL:
- Jobbe for ein grundig gjennomgang av kommunen sine reguleringsplanar. Raudt er opptekne av å ta vare på og styrkje levande bygdesamfunn.
- Etablere eit kommunalt tomteselskap der utbyggjarar konkurrerer om å få byggje dei beste og rimelegaste bustadane, der kjøparane får gode vilkår.
- Setje av nok pengar til å vedlikehalde kommunale bustadar, og gjennomføre regelmessige kontrollar for å hindre forfall.
- Redusere leigeprisane i kommunale bustadar og gå vekk frå prinsippet om “gjengs leige”.
Stord by som regionsenter
For å få Stord til å vere eit handels- og kultursenter for Sunnhordlandsregionen må utviklinga av kommunen og særleg i sentrum vere under politisk styring. Å verte eit regionssenter med tiltrekningskraft vil krevje fokus på dette i næringspolitikk, kulturpolitikk, bustadpolitikk, arealplanlegging og planlegginga av ny infrastruktur.
Stord har bygd fleire nye fine bygg som fungerer godt, men dei treng vedlikehald, reinhald og stell for å vere fine, gode bygg lenge.
RAUDT VIL:
- Jobbe for utbygging av nye tur- og sykkelstiar i heile kommunen. Styrke tekniske tenester for å vedlikehalde bygg, vegar, turvegar og grøntområde
- Arbeida for å styrka kommunikasjonssambandet til Kvinnherad og regionen, utan å gjera unødige og omfattande inngrep i naturen.
- Styrke kollektivtilbodet i regionen og samkøyre ferje- og bussruter, og jobbe for betre korresponderande løysingar for kollektivtrafikken i Sunnhordlands- bassenget
- Ha fleire og billigare hurtigbåtavgangar i Sunnhordaland-regionen
- Seie nei til bompengar – vegutbygging er ei offentleg oppgåve.
- Seie nei til 4-felts motorveg over Landåsen og Bjørnafjorden.
- Seie nei til bygging av vindturbinar og høgspentmaster på Stordøya.
- Seie ja til å ta vare på urørt natur og dyreartar. Høgspentkablar skal leggjast i jord eller sjø.
Kommunale avgifter
Raudt meiner at det er viktig for forbrukarane at vatn- og avløpstenestene blir drive så godt og effektivt som mogeleg. Etterslepet på vedlikehald og modernisering av VA-infrastrukturen i Stord kommune er stort. Investeringar i vatn og avløp er naudsynte for å sikra reint drikkevatn og forsvarleg avløp til innbyggjarane i Stord kommune.
Disse investeringane har gitt uvanleg høg avgiftsauke for folk sidan vatn- og avløpstenestene blir finansiert etter sjølvkostprinsippet.
RAUDT VIL:
- Redusere investeringstakta for nyinvesteringar, slik at dei fordelast på fleire generasjonar.
- Jobbe for å halde avgiftsnivåa nede i hele komande valperiode
- Jobbe for at dei kommunale avgiftene blir momsfrie