Stans Tyrkia!
Tyrkia har i gått til angrep på Rojava, dei kurdiske områda i Syria. Dette er «takken» for at Syrias demokratiske front (SDF), der dei kurdiske YPG- og YPJ-styrkene er kjerna, har nedkjempa IS. Det er alt meldt om fleire drepne, dei fleste sivile. Det er også meldt at sivile har blitt henretta.
Tyrkia lar syriske jihadistar delta i angrepet, og har bomba leire, slik at mange IS-folk har klart å rømma frå fangeleirane. Dette er i dag (15.10.) bekrefta av IS-folk som har rømt frå leirane. Tyrkia er med andre ord i ferd med å hjelpa IS på beina.
Tyrkia kallar dei kurdiske YPG og YPJ for «terroristar». Men kven er dei verkelege terroristane? Tyrkia terroriserer den kurdiske befolkinga i det søraustre Tyrkia, og det er dokumentert at dei har støtta IS, dei verste terroristane i vår tid. No vil dei knusa styrkene som nedkjempte IS. Tyrkia er vår allierte i NATO. NATO-sjef Jens Stoltenberg ber Tyrkia visa moderasjon. Moderasjon? Når bombene haglar over Rojava? Norske politikarar fordømde IS. Kva gjer dei når kurdarane, som nedkjempte IS, blir ført til slaktebenken?
Edogan har sagt han vil tvangsflytta syriske flyktningar til det kurdiske området Rojava. Det vil bety ei arabisering av kurdisk område, det er etnisk reinsing. I fjor invaderte Tyrkia Afrin lenger vest i Syria. Der blei kvinner voldtatt, folk drepne og drivne på flukt, mens syriske arabarar flytte inn i heimane deira. Tyrkia er i ferd med å gjennomføra folkemord.
Regjeringa må protestera på det kraftigaste mot Tyrkias framferd. NATO må forlanga at Tyrkia stansar angrepet på timen. Stans folkemordet på kurdarane — stans Tyrkia!
Dette innlegget stod på trykk i Rogalands Avis og Stavanger Aftenblad fredag 18.10.19. Skrive av styremedlem i Rødt Rogaland Leiv Olsen.