Stans Statnett si øydelegging av naturen på vestlandet
Det planleggast ei storstilt utbygging av kraftlinjer på Vestlandet, som vil øydelegge mye natur. Raudt Rogaland sluttar seg til fråsegna frå Raudt Vestland, som meiner det no må bli slutt på øydelegginga av vestlandsnaturen
NVE (Norges vassdrags- og energidirektorat) har invitert til ei offentleg høyring fram til 16. januar 2025 om Statnett sin søknad om å byggje ei ny 420 kV kraftlinje på Vestlandet. Denne skal etter denne planen gå i luftspenn frå Sauda via Etne til Blåfalli i Kvinnherad og vidare gjennom Ullensvang, Kvam, Samnanger, Vaksdal, Osterøy, Alver og Askøy til Kollsnes i Øygarden.
- Raudt Vestland etterlyser ein nærare dokumentasjon frå Statnett om det reelle samfunnsøkonomiske behovet for å byggje desse nye linjene til mange milliardar kroner.Skal linjene levere vasskraft til elektrifisering av offshore intsellasjoner? Kva slags konkrete industrieventyr langs kysten vår er det behov om å levere meir straum til? Kva blir konsekvensane for den kraftforedlande industrien og anna næringsliv i indre strøk for denne kraftoverføringa til kysten og eventuelt i Nordsjøen?
- Raudt Vestland etterlyser ei alternativ vurdering og grundige, uhilda utgreiingar av linjetrasear som er meir skånsame utifrå natur, miljø- og friluftsinteresser og kulturminner.
- Vestland fylkesting gjorde eit einstemmig vedtak 16.03.2022 at Vestland fylkesting går inn for at jord- og sjøkabel skal utgreiast som eit reelt alternativ på lik linje med luftspenn i samband med byggjing av nye kraftleidningar. Raudt Vestland krev at Statnett viser respekt for dette vedtaket og at utredning på jord-og sjøkabel snarleg blir presentert som linjetrasear.
- Raudt Vestland vil og peike på at det ut frå beredskapsomsyn (m.a. ekstremvær, ras- og skredfare og ising, samt krigsfare) vil vere sikrare å byggje framtidig linjenett i jord, fjell og sjø framfor i luft.
- Raudt Vestland vil i neste stortingsperiode på nytt ta initiativ til ei regelendring, der jord- og sjøkabel istadenfor luftspenn blir hovedalternativet ved framtidig linjebygging i Norge.