Skal farge Rogaland raudt!

I år stiller Raudt til val i historisk mange kommunar. Også i Rogaland har vi auka oppslutning, både i medlemstal, på meiningsmålingar og i talet på folk som stiller til val for partiet. Nest siste helga i juni samla medlem, tillitsvalde og folkevalde frå heile fylket seg til skolering og opplading til valkamp. Her kan du lese om nokre av sakene Raudt kjem til å jobbe med i tida framover

På skoleringa fekk vi innleiing om valprogramma til 6 av laga/listene i fylket.

Rogaland fylkesting, 1.kandidat Bjørn Ove Herstad:

Raudt Rogaland vil jobbe for å bruke oljekompetansen i ei grøn omstilling. Vi vil også styrke offentleg sektor, der skattepengane våre går til velferd og ikkje profitt. Det er naudsynt å satse på betre, billegare og meir tilgjengeleg kollektivtrafikk, og å jobbe for eit anstendig og berekraftig arbeidsliv med gode løns-, pensjon- og arbeidsvilkår, herunder prøveprosjekt med 6-timars normalarbeidsdag med full lønskompensasjon.

Sandnes, 1.kandidat Ole Ronny Koldal:

Som i mange andre kommunar i fylket og landet vårt, er kampen mot bompengar sentral i Sandnes. Raudt seier klart nei til dette. Men vi seier ja til leksefri skule, og vil kjempe for gode, kommunale helsetenester og barnehagar. Også kampen for rett på heil stilling og mål om 6-timarsdagen er viktig i Sandnes.

Gjesdal, 1.kandidat Håkon Holtberget:

I likskap med førre kommunelag, vil Gjesdal jobbe mot bompengar, og ta vare på og styrke kommunale tenester. I tillegg vil dei fokusere på kommunen som innkjøpar, og inkludere folk i dei politiske avgjerdene.

Strand, 1.kandidat Asbjørn Fjelde Kleven:

Skulepolitikken står sentralt for Raudt Strand, som også støttar kravet om leksefri skule, og i tillegg vil jobbe for å auke talet på læreplassar. Det er også ei sjølvfølge å kjempe for heile stillingar i kommunen og 6-timarsdagen.

Hå, 1.kandidat Pål Holden:

I Hå er natur og landbruk viktige tema, og Raudt tar kampen mot nye vindkraftparkar i urørt natur. Det er også viktig å sørge for å ta vare på landbruket og matjorda. I skule, på SFO og i barnehagen skal det vere gratis frukost og varmt måltid – for å minske ulikskap og stryke lærelyst og trivsel. Arbeid med tariffavtalar og ordna arbeidsforhold blir også ein viktig sak i Hå.

Stavanger, 1.kandidat Mimir Kristjansson:

Det er på tide med eit skifte i Stavanger! Alle nye barnehagar skal vere offentlege, ev. bli drive av ideelle aktørar. Det blir kamp for å ta attende tilbod frå kommersielle til det offentlege, og prøveordning med 6-timarsdagen. SFO skal vere gratis og det må kome på plass skulemåltid. I tillegg vil Rødt Stavanger jobbe for å ein miljøvenleg by, og feministisk vinkling på byutviklinga.

Det er med andre ord mange sakar som Raudt i heile fylket, og heile landet, kjempar saman om. I tillegg til listene nemnd over, stiller Raudt også til val i følgande kommunar i Rogaland:

Karmøy, 1.kanaidat: Kristian Mateo Norheim

Haugesund, 1.kandidat: Stig Riise Pettersen

Sola, 1.kandidat: Sindre Sømme

Klepp, 1.kandidat: Ørjan Sømme