Skal bomringar både auka og redusera biltrafikken?

Bomringar, kalla bymiljøpakker, skal løysa to uforeinlege mål: dei skal finansiera motorvegar som vil auka biltrafikken samtidig som dei skal finansiera tiltak for å redusera biltrafikken. Det går ikkje i hop.

Dei som vil ha motorvegar, rasar over at bompengane også skal finansiera kollektivtrafikk og sykkelstiar. Dei som vil ha meir miljøvennleg trafikk, må godta fleire motorvegar, som gjer at den miljømessige vinninga går opp i spinninga. Men regjeringane kan velta noko av rekninga for vegane over på kommunane og innbyggarane (endå dei alt har betalt skatt).

Floken kan ikkje løysast. Me må skilja mellom finansiering av vegar og tiltak for å bremsa bilbruken. Vegprising kan vera eit godt tiltak, men bare der kollektivtilbodet er godt utbygd at folk kan la bilen stå, eller det er realistisk å få til eit kollektivtilbod som er så godt. Vegprising treng ikkje bommar, GPS-løysingar er alt utvikla. Vegprising kan utformast på mange måtar, ein kan differensiera for ulik transport, for kilometerlengd, for betalingsevne eller andre behov. Ein kan legga inn rushtidsavgift (som verkar fornuftig) eller la vera. LO har foreslått vegprising justert etter betalingsevne (Dagbladet 21. mai). Rødt Rogaland støttar dette. Det som er viktig, er at vegprising ikkje skal finansiera vegbygging, men kollektivtilbod, sykkelstiar og anna som gir eit meir miljøvennleg transportbilde.

I Rogaland er vegprising bare aktuelt i Stavanger, og bare innafor dagens kommunegrenser — ikkje Rennesøy og Finnøy. Til gjengjeld må kollektivtilbodet i heile området for vegprising vera så godt at folk ikkje er avhengig av bil for å levera ungar og komma på jobb i rimeleg tid. For tilreisande bør det lagast samleplassar ved jernbanestasjonar og fergekaiar der ein kan parkera gratis og reisa vidare kollektivt.

Kven skal betala for vegane? Staten — finansiert med skattepengar. Dropp planane om fleire motorvegar, dropp planane om fergefritt vestlandshovudsamband. Bruk heller pengane på rassikring, på å føra vegar utanom tettbebyggelser og på sårt tiltrengt utbetring av vegar i distrikta.

Leiv Olsen

Rødt Rogaland

Dette lesarbrevet stod på trykk i Stavanger Aftenblad 4.juli 2019.