Politisk retningsskifte trengst — kva skal vera det raudgrønne alternativet?
Snart åttte år med Solberg-regjeringar har gitt oss større økonomiske forskjellar, sentralisering og dårlegare offentlege tjenester, samtidig som det sentrale byråkratiet har vakse. Regjeringsskifte trengst. Men det må meir til, me må skifta den politiske kursen. Kva skal det innebera?
Dette innlegget stod på trykk i Rogalands Avis 19. januar 2021.
Dei raudgrønne partia er fem ulike parti som går til val på kvart sitt program, og sånn skal det vera. Men veljarane bør få beskjed om nokre hovudsaker me kan stå saman om, saker der me lovar ein ny kurs. Kva det skal vera, og kva løysingar me vil ha i dei sakene, må me diskutera i lag. Alternativet bør stå klart den dagen folk skal stemma. Her er nokre forslag frå oss i Rødt:
Stopp sentraliseringa. Me må ha liv i alle bygder. Då må alle tvangssamanslåtte kommunar og fylkeskommunar oppløysast om dei sjølv ber om det. Nedlagde lensmannskontor må gjenopnast og politiet må komma tilbake på gateplanet. Det same gjeld fødeavdelingar og andre offentlege tjenester som har blitt sentralisert dei siste åra: folk må sleppa lange reiseavstandar for å komma til tjenester dei er avhengige av, enten det gjeld fødestover, trafikkstasjonar eller andre tjenester. I staden for dagens pågåande sentralisering må me ha meir utbygging, som også inneber at staten må syta for fullverdig internettsamband til alle bygder.
Ut med velferdsprofitørane! Skattepengane våre skal ikkje finansiera profitt som blir sylta ned i skatteparadis. Velferd skal drivast av offentlege og ideelle aktørar.
Stopp sosial dumping. Det må bli slutt på bemanningsbyrå, arbeidsformidling skal vera ei offentleg oppgåve, slik det var før. I tillegg må modellar av typen Rogalandsmodellen innførast over heile landet, modellar som sikrar at oppdrag går til seriøse arbeidsgivarar som driv lovleg, betaler tariff, rettar seg etter arbeidsmiljøloven, er interessert i å læra opp lærlingar og ikkje har for mange ledd med underentrepenørar. A-krimsentra må styrkast, både med fleire ressursar og med muligheter til å ilegga sanksjonar som svir.
Kraftig styrking av kommuneøkonomien. Ostehøvelkutta til Solberg-regjeringa reduserer ikkje byråkratiet, men svekker og seigpiner alle etatar som leverer tjenester folk treng. Dei skal visst svekkast så mye at folk heller vil ha private løysingar. Det må bli slutt på ostehøvelkutta, i staden må økonomien til kommunar, fylkeskommunar og andre offentlege etatar (politi, domstolar, helsevesen osb.) bli styrka monaleg. Tjenester som er privatiserte, skal tilbake i offentleg drift.
Stans utbygginga av vindturbinar på land. Norge treng meir fornybar energi, men då bør me rusta opp eksisterande vasskraftverk og andre tiltak som ikkje inneber så mye øydelegging av naturen som dei monsteraktige vindturbinane gjer.
Karbonlagring og karbonavgift til folket (KAF). Me treng klimaløysingar som gir effekt på verdsbasis, ikkje slike som bare gir pene tal på eit rekneark. Elektrifisering av sokkelen reduserer ikkje globale utslepp, det bare sender skiten til utlandet i staden. Karbonfangst og lagring kan redusera dei reelle utsleppa, karbonavgift til folket (KAF) vil bidra til å vri produksjonen over på ikkje-fossile plattformer samtidig som pengane som blir betalt inn, vil gå tilbake til folket — med like beløp til alle innbyggarane i landet.
Statleg plan for eit grønt skifte. Det finst mange spennande prosjekt der Norge kan utvikla verdsleiande teknologi bygd på ikkje-fossil energi. Mange industribedrifter har planar klare, bare finansieringa manglar. Staten har dei finansielle musklane og både kan og må sørga for at slike prosjekt blir realisert! Staten har pengane, staten kan laga planane, og staten kan setta dei ut i livet. Men då må staten satsa, med meir enn fagre ord, og me må ha eit statleg fond som monner. La oss setta av ein viss andel av oljefondet til investeringsfond for grønn industri, og la staten dra dette i gang på same vis som staten drog i gang oljeeventyret på 70-talet. Då kan me trappa ned verksemda i olja i takt med at me bygger opp ikkje-fossil industri. Det hastar!
Snu skattepolitikken. Solberg-regjeringa har rundhanda delt ut skattemilliardar til landets rikaste. Dei sa det ville skapa arbeidsplassar, men det har ikkje skjedd; det einaste resultatet har vore at dei rikaste ha blitt endå rikare. Raudt meiner at dei som har mest å rutta med, også skal bidra mest: la dei rikaste betala meir skatt, la heller dei som tjener minst, sleppa billegare. Den konkrete skattepolitikken kan dei raudgrønne partia utforma i fellesskap.
Kva med EØS? To raudgrønne parti er for EØS, tre er imot. Dei som er imot EØS, har for tida større oppslutning enn dei som er for. Då vil det vera urimeleg å kreva at EØS-avtalen blir freda. Alternativa til EØS-avtalen bør utredast, slik Fellesforbundet krev, og når utredninga er klar, må me få ein EØS-debatt bygd på saklege argument, ein debatt som skal enda opp i ei folkerøysting om avtalen. Samtidig kan både dei som er for og dei som er imot EØS bli einige om å avvisa jernbanepakke 4 og stansa bygging av fleire utanlandskablar.
Andre saker. Desse forslaga trur me alle dei fem raudgrønne partia kan bli einige om og forplikta seg til å gjennomføra. Andre kan komma opp med andre forslag, diskusjonen bør avklara kva som bør prioriterast. Utanom dette vil Raudt også arbeida for andre saker, som å få fleire prosjekt med 6-timars arbeidsdag, gjeninnføra ei regulert drosjenæring, trekka Norge ut av ACER, få kontroll over kabotasjen i langtransporten og legga om jordbrukspolitikken, slik at staten gir subsidiar ut frå korleis jorda blir nytta, ikkje ut frå auka volum. Raudt seier også nei til å delta i krigane USA set i gang verda over. Får me nok stemmer, og vil mange nok andre støtta dei same sakene, kan me få gjennomslag også i slike saker.
Leiv Olsen
Raudt Stavanger
leolsen@online.no