Ostehøvelkutt er angrep på velferdsstaten

Rødt Rogaland har sett seg lei på regjeringa sine ostehøvellkutt, og vedtok på sitt årsmøte i mars ei samrøystes fråsegn med krav om å stogge desse kutta.

Eitt av hovudsatsingsområda til Solberg-regjeringa er noko dei misvisande kallar «kampanje mot byråkrati», men som i realiteten er årlege ostehøvelkutt i alle statlege verksemder som utfører tjenester for folk.Domstolane, fengselsvesenet, politiet, A-krim-gruppa, vegvesenet, barnevernet, folkehelsa, sjukehusa — alle som utfører tjenester til beste for folk flest, får budsjetta kutta, og kutta blir kvart år større og større. Samtidig veks det sentrale byråkratiet: regjeringsapparatet, direktorata, sentrale organ som ikkje gjer anna enn å overvåka dei som skal utføra tjenestene.

Dei som blir utsette for ostehøvelkutta har for fleire år sidan sagt frå om at grensa er nådd. Dei kan ikkje kutta meir utan at det rammar tjenestene dei tilbyr. Regjeringa legg det døve øyret til og held fram med nye kutt.

Når domstolane må kutta så mange stillingar at dei ikkje kan utføra tjenestene som før, går det ut over rettstryggleiken. Når vegvesenet må kutta, betyr det blant anna nedlagde kontor, arbeidsplassar forsvinn i distrikta, og folk må reisa lange vegar for å fornya sertifikata. Når A-krim må kutta, betyr det meir sosial dumping og meir mafiaverksemd i arbeidslivet. Når helsevesenet må kutta, svekker det helsetilbodet, og eitt av resultata er at nye sjukehus blir planlagde med fødeavdelingar der nybakte mødre må dra heim bare timar etter fødselen. Ostehøvelkutta rammar tryggleiken vår og betyr at velferdsstaten blir bygd ned, bit for bit.

Korfor gjer regjeringa dette? Privatisering er òg eit hovudsatsingsområde for Solberg-regjeringa. Offentlege velferdstilbod skal vika til fordel for private tilbod delfinansierte over skatteseddelen. Slik skapar regjeringa nye markeder for privat kapital, gullkanta markeder der profitten blir garantert av offentlege subsidiar. Men skal dei private tilboda lykkast, bør ikkje folk vera fornøgde med dei offentlege. Dei offentlege må sveltefôrast for å skapa etterspørsel etter private tilbod. Slik blir samfunnet vårt gradvis omforma, langsomt veks det fram eit samfunn der velferdstjenester blir fordelte ikkje etter behov, men etter lommeboka. Samtidig vil regjeringas skattekutt, milliongåver til landets rikaste, tvinga fram endå fleire kutt i velferdstjenestene.

Ostehøvelkutt er angrep på velferdsstaten. Ostehøvelkutt skapar større klasseskille og eit mindre trygt samfunn. Ostehøvelkutta må stansast.