Nominer kandidatar til vallista!

Neste år er det Stortingsval att, og Raudt er klare til å sprenge sperregrensa for fyrste gong i nettopp 2021. For å klare det, treng vi din hjelp til å finne dei beste kandidatane til å stå på vallista til Raudt Rogaland.

Nominasjonskomiteen for Raudt Rogaland er på plass og i gang med sitt arbeid. Men dei treng at nett du sender inn dine tips til gode kandidatar som kan stå både på topp og lengre ned på vallista til neste års Stortingsval.

Komiteen blir leia av Truls Drageset Dydland (Stavanger)

Dei øvrige komitemedlemmane er:

Siri Borge (Stavanger)

Egil-André Opsahl Søreng (Haugaland)

Beathe Henden (Hå)

Anita Martinussen (Sandnes)

Frist for å sende inn nominasjonar til komiteen er 1. september, men det er ingen grunn til å vente om du allereie no har tips til gode kandidatar. Nominasjonskomiteen utarbeider så eit førselag til valliste, og endeleg liste skal vedtas av eit nominasjonsmøte i november.

På dette skjemaet kan du sende inn nominasjonar på kandidatar og gi andre tips og innspel til komiteen.

Vi gler oss til å lese dykkar innspel!

Mvh

Nominasjonskomiteen for Raudt Rogaland