Nominér kandidatar til fylkestingslista til Rødt Rogaland 2023

Kven ynskjer du skal representere Rødt på Fylkestinget i Rogaland i perioden 2023-2027?

Neste år er det lokalval, og på dette skjemaet kan du sende inn forslag til kandidatar til fylkestingslista til Rødt Rogaland.

Alle svar blir tatt imot av nominasjonskomiteen til Rødt Rogaland, som består av:

Egil-André Opsahl Søreng (Karmøy)

Rikke Mohn (Stavanger)

Trude Brandal (Stavanger)

Martin Nordbø (Sandnes)

Du treng ikkje spørre kandidaten sjølv om dei ynskjer å stå på liste, det tek nominasjonskomiteen seg av. Om du er usikker på om personen er medlem i Rødt eller ei treng du heller ikkje tenke på. Fyll ut skjema eller send ein kort mail til rogaland@roedt.no med dine forslag, så tek komiteen seg av resten. Det er mogleg å stå på både kommunevallista og fylkestingslista.

Frist for nominering er 1. september.

Det er ingen grunn til å vente om du allereie no har tips til gode kandidatar. Nominasjonskomiteen utarbeider så eit forslag til liste, der endeleg liste blir vedtatt på nominasjonsmøtet laurdag 26. november.

Det er lov nominere seg sjølv også! :)

Om du har spørsmål ta kontakt på rogaland@roedt.no

Mvh

Nominasjonskomiteen