Når barn bli tvangssende til utlandet
Det har komme fram at fleire hundre norske barn har blitt sende til utlandet mot sin vilje for å gå på koranskolar. Frp reagerer på autopilot. Det er bra at dei reagerer på sånt, men kor har dei, eller for den skuld Ap og Høgre, vore når den norske staten har tvangssendt norske barn til utlandet?
Eg tenker på alle dei barna, oppvaksne i Norge, nokre av dei fødde i Norge, som UDI og politiet arresterer, putter i interneringsleirar og sender til Jordan, Kosova, Afghanistan eller andre land der rein naud, fattigdom og krig råder. Bare fordi staten skal statuera såkalla «innvandringspolitiske hensyn».
Barnemishandling er barnemishandling enten det er staten eller foreldra som står for mishandlinga. Barnekonvensjonen er klar: hensynet til barnas beste skal gå føre, men regjering og stortingsfleirtal vil noko anna. Kynisk sender dei barn og ungdom ut av landet til ei framtid i armod og uvisse. Men får dei eit høve til å henga ut foreldre som tilfeldigvis er muslimar, spelar dei bekymra på vegne av ungane. Krokodilletårar! Den dagen dei hentar Neda og andre ulykkelege ungar heim igjen til Norge, skal me tru på dei — ikkje før.
Dette innlegget stod fyrst på trykk i Stavanger Aftenblad 17.01.20, og er skrive av styremedlem i Rødt Rogaland Leiv Olsen.