Kandidatpresentasjon: Leiv Olsen
«Rødt er eit parti for arbeidsfolk. Derfor er det eit parti for deg.»
Hels på Leiv Olsen, 20. kandidat for Rødt Rogaland:
Eg har vore med i SUF, AKP, RV og Rødt sidan 1970. Eg er ein av dei som har vore «mot alt», og var sjølvsagt mot å øydelegga Alta-elva — den kampen var viktig både for miljøet og for å vinna respekt for samiske rettar og livsgrunnlag.
I femten år jobba eg som hjelpearbeidar i bygg og anlegg og industrien, dei siste vel 20 åra som yrkesaktiv var eg lærar. No er eg pensjonist og kan bruka tida som eg vil, så no har eg fullført master i norrønt og er i gang med å studera til doktorgrad ved Universitetet på Island.
Kva eg er spesielt opptatt av? Det meste. Det gode, norske velferdssamfunnet blir bygd ned bit for bit og klasseforskjellane aukar. Denne utviklinga må snus!
Som tidlegare leiar for Rogaland Nei til EU er eg sjølvsagt opptatt av å halda Noreg utanfor EU. Det var kampen mot norsk medlemskap i EEC (som no heiter EU) som fyrst førte meg inn i politikken, i 1970. I dag kjempar me for å få sagt opp EØS-avtalen, stoppa ACER, stoppa jernbanepakke 4 og få slutt på sosial dumping.