Har matfylket Rogaland ei framtid?

Rogaland Bondelag og Rogaland Bonde- og Småbrukarlag spør dei politiske partia kva dei vil med norsk jordbruk. Har bønder i matfylket Rogaland ei framtid?

Raudt vil stoppa avviklinga av norsk jordbruk. Då må staten sin støttepolitikk endrast. Bonden må få støtte ut ifrå korleis jorda blir brukt. Dyrkar bonden jordlappar som eignar seg til menneskemat, skal dei få støtte — så sant det er menneskemat som blir dyrka der. Utnyttar bonden jord som eignar seg best til beite, slåtter, til å dyrka dyrefôr eller til annan bruk, skal dei få støtte til det. Sårbar natur, t.d. våtmarker, må skjermast. Dette føreset ein plan som viser kva jorda ulike stader er best eigna til, ein plan som må ha detaljar på teignivå.

Dagens politikk er å gi støtte til auka produsert volum. Det fører til at bønder konkurrerer kvarandre ut av yrket. Det fører òg til auka import av billege råvarer frå utlandet, til dømes blir soya dyrka i regnskogen for å produsera billeg kraftfôr til norsk jordbruk. Det er billegare enn å halda dyra på beite eller fôra dei med norskprodusert grovfôr. Slik bidreg statleg støtte både til å ta knekken på norske bønder, utrydda regnskog og auka klimautsleppa ved at matvarer og råvarer blir transportert kloden rundt. Derfor må produktivitetskrava staten stiller i dag droppast, og støtta i staden bli gitt etter korleis jorda blir brukt. Held vi fram som i dag, risikerer vi at det tradisjonelle familiejordbruket forsvinn.

I eit miljøperspektiv er det viktig med mest mogleg kortreist mat. Importen må avgrensast. Vi treng ikkje auka importkvoten frå EU. Vi må tvert om nytta dei høva som finst til å redusere importen av matvarer og råvarer frå utlandet. Norsk mat er ikkje for dyr. Den er for billeg. I dag går rundt 11 % av eit gjennomsnitts hushaldsbudsjett til matvarer. Det er for lite. Det pressar økonomien i jordbruket og fører blant anna til grov underbetaling av nødvendig arbeidskraft. Resultatet er storstilt import av sesongarbeidarar frå utlandet, endåtil frå fjerne land som Vietnam! I jordbruksforhandlingane må staten sørga for at matvareprisane i butikk kan auka noko, men heile auken må gå til bonden. Då kan ein beskjeden prisauke på matvarer i butikk føra til at inntektsgapet mellom bønder og industriarbeidarar blir minka. Då kan òg tariffen til jordbruksarbeidarane bli heva til eit nivå som gjer det mogleg å rekruttera arbeidskraft i Norge.

Raudt vil betra inntekta til bonden, redusera importen og bevare familiejordbruket. Konsesjonsloven må forsvarast, og følgjast. Jordvern må takast på alvor. Vi må stanse utglidinga vi no ser, der aksjeselskap kan drive gardsbruk — vi vil at norsk jordbruk også i framtida skal vere eit familiebasert småskalalandbruk. Men skal vi få dette til, må staten slutte å premiere stadig aukande volum og i staden påskjøne den gode bruken av jorda — slik at mest mogleg norsk landareal kan takast i bruk.

Import og EMV

Raudt meiner at for å styrke den norske bonden si muligheit til å gjennomføre samfunnsoppdraget er det heilt naudsynt å redusere, regulere og kontrollere marknadskreftene. Vi ser at to av dei største trugslane mot norske matprodusentar er import og EMV.

Vi ynskjer å utrede muligheita til å innføre ei ordning, liknande den norske bønder har med omsetningsavgift, på importvarer i tillegg til dagens tollavgift. Vi må også å sjå på om det er høve til å innføre ei miljøavgift basert på klimaavtrykket til vara gjennom produksjon og frakt frå utlandet til Noreg.

Norske bønder er gode på dyrevelferd. Dei er også pålagt strenge krav og rutinar for å unngå smitte og sjukdom på dyr, til dømes Mrsa og salmonella. Det er derfor underleg at ein fritt tillet import av varer frå dyr som opplever langt dårlegare dyrevelferd, manglande tiltak mot sjukdom og smitte, og som blir medisinert i langt større grad enn i Noreg, som er lavast på bruk av antibiotika i Europa.

Utover grensekontrollar bør ein også utføre hyppigare og grundigare kontrollar hjå importørar, vidareforedlarar og på sluttprodukt i butikk. Denne typen kontroll eller tilsyn kan bli tatt samstundes som ein kontrollerer merking av varer. Vi meiner det bør merkast klart og tydeleg med opphavsland, produsent og importør. Blandingsprodukt skal ikkje merkast med norsk flagg, fargar eller anna som kan tyde på at produktet er produsert i Noreg.

EMV produsert utanfor landegrensene bør også omfattast av denne type regulering og kontroll. EMV produsert i Noreg bør bli merka klart og tydeleg når hovudingrediensane vert henta utanfor norske grenser, slik at det i større grad er lettare for forbrukaren å velje produkt med norske råvarer. Det bør også bli sett på kor stor prosentandel av varesortimentet EMV skal utgjere, og om det skal stillast krav til ein andel norskprodusert EMV. Det er feil å utkonkurrere den norske bonden og norskproduserte produkt slik dei store kjedene opererer i dag.

Dette kan bli utfordrande og vil møte motstand. Vi snakkar her om ein matvareindustri som tenar milliardar på dagens ordningar. Vi meiner derfor at det IKKJE skal løne seg å bruke billigare arbeidskraft under dårlege kår, skaffe billigare råvarer og ressursar, eller vere med på å auke prisane i lavkostland for å skaffe seg fortrinn i konkurranse med den norske bonden i eigne butikkar!