Fylkesprogram 2023-2027

Raudt vil ha eit samfunn der mangfaldet er større og dei økonomiske skilnadene er mindre. Det langsiktige målet er sosialisme. Det nære målet er å sikra eit samfunn bygd på solidaritet, med små klasseskilnader og universelle velferdsgode for alle folk.

Innhald:

  • Kampen mot Skilnad-Noreg
  • Skilnadene i samfunnet må byggjast ned
  • Oppvekst og vidaregåande opplæring
  • Samferdsel og transport
  • Arbeidsliv
  • Folkehelse og levekår
  • Kraft
  • Sikker lagring av data i Noreg
  • Solidaritet
  • Miljø- og klimapolitikk
  • Bruk oljekompetansen i ei grøn omstilling
  • Matfylket Rogaland
  • Eit rikt kulturliv i byane og distrikta


Kampen mot Skilnad-Noreg

Skilnadene i samfunnet må byggjast ned

Dei siste tretti åra har klasseskilnadene i Noreg auka, og dei har auka særleg kraftig i det siste tiåret. Det er nødvendig å snu denne utviklinga. Tiltaka må vera mange, mykje er slikt som fylkeskommunen ikkje rår med (til dømes lønns- og skattepolitikk), men også tiltak som fylkeskommunen kan setta i verk.

  • Fylkeskommunen kan bidra ved å gje lokale lønnstillegg som verkar utjamnande og hever grupper med kriterium som kan jamførast, ikkje enkeltpersonar.
  • Fylkeskommunen kan arbeida for eit godt arbeidsmiljø og bygga ut gode offentlege velferdsordningar, som helst bør vera gratis om dei skal vera tilgjengelege for alle.
  • Godt utbygde og gratis eller billege offentlege tenester er eit viktig tiltak for å minka skilnadene i samfunnet.


Oppvekst og vidaregåande opplæring

Unge skal ha eit vidaregåande skuletilbod nær heimstaden for å sleppe å bu på hybel, eller dei skal ha eit godt bu- og fritidstilbod dersom dei må flytte på seg, for å nå tilbod som er lokaliserte lenger borte. Det skal uansett vere skuletilbod som kvalifiserer til læreplass eller til høgare utdanning og som gjer at ein seinare kan få jobbtilbod, anten ein vel heimstaden eller flytter ut. Erfaringar syner at eit desentralisert skuletilbod gjer at fleire lettare gjennomfører vidaregåande opplæring. Derfor må kampen for dei mindre skulane, og mot sentraliseringa halde fram.

Den vidaregåande skulen skal vere ein god skule for alle elevar uansett kjønn, kjønnsuttrykk eller seksuell orientering.

Ein skal ha rett til eit skuletilbod uavhengig av sin eigen eller foreldra sin økonomi. Ekstrakostnader på grunn av nødvendig hybeltilvære skal kompenserast fullt ut gjennom stipendordningar og andre tiltak. Raudt vil motarbeide privatskular.

Raudt Rogaland går inn for:

  • I vidaregåande skule må det vera samsvar mellom timar undervisning elevane får og timar lærarane gir.
  • Pensum skal vera i trykte utgåver på begge mål i alle fag, digitale ressursar skal vera eit nyttig tillegg.
  • Opptak til vidaregåande opplæring skal følgja eit hybridprinsipp: rett til å velja skule i nærområdet, men samtidig fridom til å velja ein annan skule.
  • Fylkeskommunen må sikra stabilitet i undervisningstilbodet utan store svingingar frå år til år, og leggja stor vekt på å skaffa læreplassar til elevar som treng det, så samfunnet får den fagutdanna arbeidskrafta dei treng og skulane blir føreseielege arbeidsplassar.
  • Gratis prevensjonsmiddel og bind og tampongar på alle vidaregåande skular.
  • Reversere kutt i MDD – Musikk, Dans, og Drama
  • Krav om minst 10 % lærlingar på kontraktane ved alle fylkeskommunale nyskaffingar.
  • Styrke den fylkeskommunale PPT-tenesta og arbeide for eit betre samarbeid med den kommunale PPT i den enkelte kommune.
  • La elevar i vaksenopplæringa få same rett til spesialundervisning som elevar med ungdomsrett.


Samferdsel og transport

Unødvendig person- og godstransport må reduserast utifrå miljøbelastning og transportkostnader. Raudt vil kjempe for dette, gjennom eit Rogaland som opprettheld og desentraliserer arbeidsplassar og offentlege tenester. Difor skal vi arbeide for eit betre kollektivt trafikktilbod, også i tettstadar, som motverkar den auka bruken av privatbil. Raudt vil prioritere tiltak som trafikksikring, ras-sikring, trygge rekkverk og betre vegskulder, samt nødvendig utviding av vegbreidda.

Raudt er mot bompengefinansiering av vegane. Vegbygging er eit statleg ansvar og må finansierast av staten. Vegprising, justert etter betalingsevne, for å få fleire til å reisa kollektivt, er noko anna. Det føreset eit kollektivtilbod som er så godt at folk kan la bilen stå. Raudt ynskjer vegprising, men bare innafor kommunegrenser i Stavanger pr 2019. Inntektene frå slik vegprising må gå til å styrka kollektivtilbodet, ikkje til å byggja vegar.

Fylkeskommunen har ansvar for å bygga ut buss- og rutebåttilbod som sikrar livsgrunnlag i alle byar og bygder i Rogaland, og samarbeid med Jærbanen om tog tilbodet. Ved innfarten til byane må det skapast trafikknutepunkt der folk kan parkera gratis for å fortsetta reisa kollektivt. Slike knutepunkt kan leggast til jernbanestasjonane og hurtigbåt/ferjekaiar ved innreise til Stavanger.

Båt er framleis hovudframkomstmiddelet i store delar av fylket, Noreg betyr «skipsleia mot nord» — og namnet forpliktar. Rutebåtnettet i fylket må byggast ut, ikkje trappast ned, og med planmessig overgang til elektriske drivne hurtigbåtar og ferjer. Den nye kostnadsnøkkelen staten har innført frå 2021 tvingar fram kutt i framtidig rutetilbod — kostnadsnøkkelen må trekkast tilbake! Båten er nødvendig for å halda oppe grunnleggande samfunnsfunksjonar, som blant anna elevane sine skulereiser, arbeidsreiser, heimesjukepleie, legebesøk, jordmorverksemda, handel, apotek, bibliotek m.m.

Bygg høghastighetstog — eit fornuftig alternativ til flytrafikk

Elektrifiser bussane, og ta tilbake selskapet Kolumbus under fylkeskommunal eigarskap. Raudt ynskjer å ta tilbake kollektivtransporten i eigen regi, og ta det inn som ein del av den vanlege drifta i fylkeskommunen. Offentleg transport må vere tilgjengeleg for alle i heile fylket, ikkje bare dei som er busett i sentrale strøk. Det skal vere mogleg å bruke offentleg transport til og frå jobb, skule og fritidsaktivitetar uansett kvar du bur i fylket.

Raudt arbeider for:

  • Nattbåt må bli like sjølvsagt som nattbuss og tog. Stavanger sentrum vil vera eit naturleg trafikalt knutepunkt for heile fylket.
  • Slå saman buss- og båtregulativet til eit felles "kollektiv regulativ" med same pris for buss, båt, tog. Det er kun sonaein reiser i som styrer prisen.
  • Kolumbus har auka andelen kollektivreisande monaleg. Det er bra, og denne politikken må førast vidare. Samtidig må dei sørga for eit godt busstilbod også til utkantane av dei store byane.
  • Ordninga med redusert pris på bussar i Haugesunds-området har vore ein suksess, og må førast vidare. Fylkeskommunen bør undersøka muligheitene for å utvida ordninga til fleire stader i fylket.
  • Heim - jobb - heim-ordninga må utvidast. Målet må vera å utvida ordninga til å gjelda både buss-, tog- og båtreisar i heile fylket.
  • Ordninga må vera eit tilbod til alle arbeidsplassar, også sjølvstendig næringsdrivande.
  • På sikt må målet vera at offentleg transport blir gratis. Staten må auka overføringane.
  • I området for bymiljøpakken må kollektivtilbodet må vera så godt at folk kan velja bort bilen. Andre stader skal folk sleppa å betala bompengar.
  • At Rogaland fylke skal melde seg inn i Lyntogforum og arbeide for lyntog aust-vest over Haukeli.
  • Dobbeltsporet for jernbanen heilt til Egersund må gjennomførast.
  • Ålgårdbana må opnast att.
  • Bygg jernbanelinje frå godsterminalen i Ganddal til hamna i Risavika, slik at meir transport kjem vekk frå vegane og over på båt og bane. Linja kan eventuelt gå via Forus aust, Universitetet og Stavanger Lufthamn på Sola.
  • At staten reverserer jernbanereforma.
  • At det blir lagt ned veto mot EU-direktivet Jernbanepakke 4 som inneber tvangsanbod.
  • Alternative kollektivløysingar bør utredast.
  • Gratis billett for barn under 6 år på hurtigbåt og ferje.
  • Fryse prisen for dagsbilletter på dagens nivå.
  • At Rogaland fylkesting skal oppfordre Stortinget om å innføre eit mellombels forbod mot kabotasje, fram til Regjeringa kan presentere ein tilfredsstillande tiltakspakke mot sosial dumping innan transport.
  • Innføring av krav om at alle utalandske vogntog skal gjennom ein tryggleikssjekk før dei får passere over grensa.
  • Vegtryggleik framfor å bygge nye vegar. Utbetring av eksisterande vegar, med ras-sikring, midtrabatt og andre tryggingstiltak, for å minske sjansen for ulykker på fylkesvegane.
  • Raudt Rogaland legg til grunn at kapasitetsauke på vegprosjekt, må vike til fordel for ras-sikring og vegsikring, matjord og miljø.
  • La alle hurtigbåtar og ferjer bli elektrisk drivne — og la oppdraga gå til norske verft.
  • Fjerne anbod på busstransporten, la sjåførane vere fylkeskommunalt tilsette.


Arbeidsliv

Målet er eit arbeidsliv å leve av og med.

Raudt vil derfor arbeide for at alle arbeidstakarar skal ha betre arbeids-, lønns- og pensjonsvilkår. Levealdersjusteringa skapar eit klasseskilje der dei som har dei tyngste jobbane, kjem dårlegare ut enn dei som kan stå lengre i arbeid. Raudt vil jobbe for å styrke pensjonsrettane til reinhaldarar og andre tilsette i fylkeskommunen sin førstelinje. Raudt går mot Pensjonsutvalet sine forslag om å heve pensjonsalderen utover 67 år.

Raudt sitt alternative statsbudsjett går inn for auka økonomiske tilbakeføringar til fylkeskommunane, ved rettferdig skattlegging av dei verkeleg rike. Vi står på fagforeiningane si side i kampen for betre arbeidsvilkår.

Vi går også inn for at fylkeskommunen skal vedta retten til heil stilling, som eit steg på vegen mot lovfesting av dette. Raudt vil arbeide for at fylkes- kommunen skal gjennomføre forsøk med sekstimars arbeidsdag. Det kan gjere det mogleg med heil stilling for yrkesgrupper som treng kortare arbeidsdag, og det vil vere eit viktig steg for kvinnefrigjeringa.

Fylkeskommunen er ein stor innkjøpar av varer og tenester. Kjøpsavtalar skal vere avgrensa til leverandørar med landsdekkjande tariffavtale, gode arbeids- forhold og læreplassar. Fylkeskommunen har utvikla ein modell som skal forhindre sosial dumping og arbeidslivskriminalitet. Raudt vil arbeide for at Rogaland fylkeskommune skal vidareutvikle gode rutinar i modellen for seriøsitetskrav.

Raudt arbeider for:

  • At Rogaland fylkeskommune skal berre nytte overnattings- og serveringsverksemder med landsdekkjande norsk tariffavtale.
  • Forbod mot bruk av vikarbyrå i offentleg verksemd; berre faste reelle vikariat og eventuelt ein fylkeskommunal vikarpool.
  • At alle fylkeskommunale stillingar skal annonserast som heile stillingar.
  • Stopp i anbodspolitikken for infrastruktur som Kolumbus og jernbana.
  • At det blir tilbydd kompetanseheving for leiarar, tillitsvalde og verne- ombod om trakassering og mobbing knytt til seksuell orientering og kjønnsuttrykk.
  • Utjamning av lønnsforskjellar i fylkeskommunen. Det aukande gapet mellom dei høgast lønte og dei som tener minst, må reduserast vesentleg.
  • At lokale lønnstillegg skal gis etter objektive kriterium. Lønnspolitikken må vera føreseieleg, slik at tilsette kan innretta seg etter den.
  • At det blir sett eit tak på topplønene til fylkeskommunalt tilsette og politikarar i høge verv.
  • At minst 50 % av fylkesdirektørane skal vere kvinner og at det blir arbeidd aktivt for likelønn mellom kjønna.
  • At fylkeskommunale oppgåver blir løyste i offentleg regi; kollektivtrafikk og annan samferdsel skal vere trygg, effektiv og skape arbeidsplassar i heile Rogaland.
  • Arbeide for å etablere fleire arbeidar-eigde og arbeidarstyrte bedrifter.
  • Å sette av midlar til samvirke, kooperasjonar og anna demokratisk organisert næringsverksemd.
  • At fylkeskommunen tilset folk i faste stillingar til å utføre oppgåver som reinhald, IKT og billettkontroll, framfor å bruke kjøpe tenester eller leige inn gjennom bemanningsbyrå.
  • Arbeide for å vidareutvikle seriøsitetskrav i arbeidslivet, jfr Rogaland-modellen.
  • At fylkeskommunen skal seie nei til privatisering og konkurranse- utsetting av offentleg finansierte velferdstenester.
  • At ufaglærte og assistentar får ta fagbrev og høgare utdanning
  • At bruk av heimekontor må regulerast strengare, slik at arbeidstakar ikkje blir utnytta og økonomisk skadelidande på grunn av meirkostnader ved heimekontor.
  • At det blir behovsprøve utferding av drosjeløyver.
  • At fylkeskommunen må starta prøveprosjekt med seks timars arbeidsdag på nokre av sine eigne arbeidsplassar.
  • Tilsette i fylkeskommunen skal gis rom og tillit til å utføra arbeidet med den kompetansen og kunnskapane dei har.
  • Ved politiske vedtak må ein også vurdera kva konsekvensane kan bli for arbeidsmiljøet både for eigne tilsette og for andre arbeidsfolk
  • Ved anbod må tariffavtalar og ryddige arbeidsforhold vektast tyngre enn pris.


Folkehelse og levekår

Raudt ynskjer lett tilgjengelege og likeverdige helse- og omsorgstenester til alle. Derfor arbeider vi for gode arbeidsmiljø, bumiljø og trafikkmiljø. Raudt vil også kjempe mot dei sosioøkonomiske helseskilnadene – helse ut frå inntekt og status. Vi vil derfor kjempe for eit offentleg finansiert og styrt helsevesen, med likeverdige tenester, uansett kven du er eller kor du bur. Raudt vil ha bort eigendelane. Vi vil at eigendelane på tannlegetenester skal vere på nivå med eigendelar til andre helsetenester. På sikt ønskjer Raudt å fjerne eigendelane på helsetenester.

Raudt aksepterer ikkje nedlegging av noverande somatiske og psykiatriske institusjonar. Vi avviser økonomiske argument mot å ha ei desentralisert spesialhelseteneste. Raudt vil ha ei ambulanseteneste som kortar maksimalt ned på avstand til nødvendige helsetenester. Vi støttar opp under lokale aksjonar for å ta vare på og utvikle desentraliserte tilbod og vil tale desse si sak i fylkestinget.

Raudt arbeider for eit fylke der alle menneske kan leve frie liv. Elevar og arbeidstakarar i Rogaland fylkeskommune skal ikkje oppleve å bli diskriminerte på bakgrunn av alder, religion, etnisitet, funksjonsgrad, kjønn, kjønnsuttrykk eller legning. For å oppnå dette, er ein avhengig av gode planar mot diskriminering og for likeverd og som er konkrete og målbare.

Raudt vil at spesialisthelsetenesta igjen skal underleggjast folkevald styring gjennom fylkeskommunen, og vi vil stoppe helseføretaksmodellen. Helse er ikkje profitt!

Raudt Rogaland arbeidar for:

  • Fjerning av føretaksmodellen til fordel for folkevalt styring av sjukehusa.
  • Styrking av akuttberedskap ved lokalsjukehusa og gjenoppretting av fødetilbod.
  • Styrka satsing på samarbeid mellom ulike deler av helsetenesta, førebyggjande helsearbeid og rehabilitering.
  • Betre transporttilbod til pasientar.
  • Rettferdig og desentralisert tannhelsetilbod, med eigendel på maksimalt 2000 kr, gratis tannhelseteneste for alle under 25 år og på sikt, gratis tannhelse til alle.
  • At det skal lagast ei undersøking blant dei tilsette i fylkeskommunen for å finne ut kva utfordringar fylket har på diskrimineringsfeltet.
  • At fylkeskommunen styrkjer planen for likeverd i fylkeskommunen. Planen skal innehalde krav om skulering av dei tilsette i fylkeskommunen.
  • Fødetilbodet har for mange blitt dårlegare dei siste par tiåra. Sauda og Egersund må få tilbake fødetilbodet og heildøgns medisinsk og kirurgisk akuttberedskap!
  • Gratis tannhelseteneste for dei under 25 år, papirlause flyktningar, studentar, uføre, pensjonistar, arbeidsledige og menneske på arbeidsavklaringspengar.
  • At Helse Vest og Helse Fonna skal avslutte kjøp av tenester frå private selskap og heller bygge ut og styrke eigne tilbod.
  • Styrke tannlegevakta og utvide opningstidene til tannlegevakta.
  • Auke kapasiteten, slik at også betalande pasientar kan velje fylkeskommunal tannbehandling.

Kraft

Naturressursane våre er folket sitt felleseige.

  • Raudt Rogaland seier nei til fleire utanlandskablar og vindturbinar!
  • Me seier NEI til EU sin energiunion og ACER.
  • Raudt Rogaland vil ha full openheit og innsyn i kven som har eigarskap til våre naturressursar.
  • Raudt Rogaland vil ha norske datasenter inn som ein verdsett del av kritisk infrastruktur.

Sikker lagring av data i Noreg

Datasenter i Noreg er i dag behandla som ein vanlig bedrift/tenesteleverandør. Dette til trass for at nesten all dagleg bruk av internettenester vert strøyma gjennom desse. Bankdata, helsedata, offentleg data, data unntatt offentlegheita og nokon gonger militær data vert behandla og lagra i våre datasenter. Nesten all kritisk infrastruktur og kritiske samfunnsfunksjonar i Norge er avhengig av at kommersielle IT-system og elektronisk kommunikasjon fungerer. Mykje ligg tett knytta inn under drifta og tenestetrafikken som går gjennom datasenter.

  • Datalagring må inn under tilsyn og lovverk som sikrar at norske innbyggjarar kan vere trygge på at vår data er i sikre og regulerte hender.
  • Alle datasenter i Noreg skal gi føremon til lokal foredling av datakrafta til det beste for dei innbyggjarane som vert belasta med konsekvensane av utbygging og nedbygging av lokale naturressursar.
  • Datasenter krev mykje kraft. I dagens straumsituasjon vil dette krevje omstillingar og oppgraderingar av norsk vasskraft for å kunne ha ein stabil leveranse.
  • Sjølv om datasenter i stor grad er naudsynt i dagens høgteknologiske samfunn, så skapar dessverre ikkje desse mange direkte arbeidsplassar, på trass av lovord frå utbyggjarane.

Solidaritet

Raudt fordømmer på det sterkaste både Russland og Israel sine grovt folkerettsstridige angrep på Ukrainarar og Palestinarar.

  • Raudt støttar dei som forsvarar seg mot folkerettsstridig okkupasjon, og kjempar for fridom, sjølvstende og demokrati.
  • Raudt fordømmer på det sterkaste folkerettslege angrep og okkupasjon frå stormakter mot alle sjølvstendige statar anerkjenna av Noreg.

Miljø- og klimapolitikk

Klimakrisa er ei av vår tids største utfordringar. Krisa kan ikkje løysast innafor dagens kapitalistiske samfunnsorden, og me kan ikkje venta med å bøta på problema.

Klimakamp er klassekamp! Raudt Rogaland ynskjer ein rettferdig miljøpolitikk der dei som har dei største utsleppa bidreg mest. Dei 10 % rikaste av Noreg si befolkning har dobbelt så høgt klimagassutslepp som gjennomsnitts-nordmannen. Vi vil har slutt på at dei rike kan kjøpe seg ut av miljødugnaden, og etterlate rekninga til dei som allereie har minst.

Mest mogleg natur må få vera i fred. Skal utbygging skje, er det fordi det er naudsynt for å bygga ut industri i Noreg og forsyna husstandane med straum. Samtidig må industrien sin del av sysselsettinga aukast.

Raudt Rogaland ynskjer:

  • Fangst og lagring av CO2.
  • Full stans i vidare utbygging av vindturbinar på land, til havs og i fjæra — ikkje fleire inngrep i urørt natur.
  • Opprusting av eksisterande vasskraftverk.
  • Støtte mindre kommunar med utgifter til vedlikehald og oppgradering av vass- og kloakkrøyr, slik at heile fylket er rusta for framtidig uvær.
  • La norske verft bli prioriterte også når fregattar og kystvaktskip skal byggjast.
  • Når offshore-plattformar skal demonterast skal dei demonterast i Noreg, ikkje sendast til utlandet.
  • Bruk kompetansen frå oljebransjen sin boreteknologi til å utnytta geotermisk energi.
  • Statlege forsking- og utviklingsmiddel må ikkje bare gå til oljebransjen. Langt oftare enn i dag må dei gå til å utvikla annan industri.
  • Avgrensing av cruiseturisme
  • Innføring av turistskatt på cruiseskip.
  • At utsleppskrava til cruise-trafikk som gjeld for fjordane, må gjelde for all slik cruise-trafikk.
  • At utsleppskrava til cruise-trafikk må også gjelde for rutebåtar og gamle charter-båtar – med unntak for veteranbåtar.
  • Sjøfartsdirektoratet sitt råd om tiltak som umiddelbart kan brukast for å redusere risiko for spreiing av havnespy må følgjast opp i alle hamner i Rogaland. Utskifting av ballastvatn skal skje minst 200 nautiske mil frå land, og på minst 200 meters havdjup.

Samtidig må me betra rammevilkåra for den kraftkrevjande industrien, slik at me kan driva meir vidareforedling i råvarebaserte næringar som havbruk, fiskeri, skogsdrift og mineralnæring. Me kan også auka vidareforedlingsgrada av produkt me allereie i dag eksporterer. Dette føreset ein aktiv statleg industripolitikk, og Raudt ynskjer at fylkeskommunen skal vere med og fremje dette.


Bruk oljekompetansen i ei grøn omstilling

Verda må kutta kraftig i klimagassutsleppa, og Noreg må ta sin del. Nøkkelen til ei vellykka omstilling ligg i å ta i bruk den kompetansen som arbeidarane i oljebransjen sit inne med, til å utvikla verksemder som ikkje forureinar. Norske arbeidarar sit på internasjonal spisskompetanse — den må tas i bruk og ikkje øydast!

Dette føreset ein aktiv statleg industripolitikk, slik staten på 1970-talet bygde opp norsk oljebransje. Fylkestinget må diskutera, og bli einige om, ei rekke krav til kva staten skal gjera for å sikra den grøne omstillinga. Samtidig kan næringsavdelinga i fylkeskommunen sjølv vera deisom tilrettelegg for dette.


Matfylket Rogaland

I Noreg er berre 3 % av jorda på nasjonal basis dyrkbar. I Rogaland er om lag 12 % av arealet dyrka eller dyrkbar jord. Rundt dei fleste tettstadene i fylket er andelen dyrka eller dyrkbar jord mykje høgare. Jorda er grunnlaget for heile matproduksjonen.

Mattryggleik er særs viktig, og god matjord er ein ikkje fornybar ressurs, som skal forvaltast med respekt. Rogaland er det fylket som har omdisponert mest matjord, og det vil Raudt Rogaland ha ein slutt på.

Vi er motstandar av å bygga ned matjord. I dei aller fleste tilfella er det mogleg å bygga både vegar og bustadområde utan å gjera nemneverdige inngrep i jordbruksjord. Jordvernet må også gjelda beiteområde. Vi vil ha ei berekraftig forvaltning av jordressursar. Jordvern gjennom arealplanlegging skal vere ein høg prioritet i matfylket Rogaland.

  • Fylkeskommunen må vera særs restriktive når dei avgir uttalelser i saker som gjeld jordvern, eller som gjeld utsette artar og natur som er viktig å bevara.
  • Omregulering av gamle driftsbygg til moderne bruk kan ved nokre høve vere naudsynt for å ivareta kulturarven. Her må ein bruka skjønn.
  • Raudt vil oppmuntra til å ta mest mulig beiteområde i bruk.
  • Oppdrettsanlegg må skje i lukka anlegg, eventuelt på land, med minimal bruk av antibiotika, og helst med færre fisk per anlegg enn i dagens anlegg. Raudt Rogaland ynskjer ei stramare oppfølging av trafikklysmodellen innan fiskeoppdrett.
  • Raudt Rogaland ynskjer å avvikle opne fiskeoppdrettsanlegg og heller satse på fylkeskommunalt eigde lukka oppdrettsanlegg. Slik vil verdiskapinga på kysten gå til innbyggjarane, ikkje til laksebaronar. Slik har vi også betre kontroll over dyrevelferd og miljøpåverknad.
  • Sikre god dyrevelferd hos husdyr og oppdrettsfisk.
  • Arbeide for en lokal straumstøtteordning for landbruket og gi støtte til ENØK-tiltak som solkraft.
  • At fylkeskommunen i størst mogleg grad skal kjøpe inn lokalproduserte produkt.
  • Jobbe for at bonden si fysiske og psykiske helse blir ivaretatt, blant annet gjennom å styrke avløysarordningane.
  • Endre insentivordningar slik at ein fremmar kvalitet framfor kvantitet.
  • Støtte bøndene sitt arbeid for eit meir miljøvenleg landbruk, blant anna gjennom å gi støtte til tiltak som reduserer energibruk og utslepp av klimagassar.

Myndigheitene må visa forståing for vala bonden må ta når ho utøver yrket. Bønder har både gode og dårlege erfaringar med kontrollen myndigheitene utøver. Statens Vegvesen tek for lite omsyn til jordvern og til etablerte bustadområde når dei planlegg nye stamvegar. Om det blir dyrare, er det likevel nødvendig å legga nye vegar slik at ein ikkje skjemmer gode bustadmiljø eller legg beslag på dyrkbar jord og gode beiteområde.

Eit rikt kulturliv i byane og distrikta

Raudt Rogaland arbeider for eit rikt og variert kulturliv, der ulike kunstartar, stilretningar og kulturar får utvikle seg, både i byane og i distrikta. Vi treng både profesjonelle utøvarar og eit breitt folkeleg kulturliv, med engasjerte amatørar. Gjennom offentleg støtte må ein satse meir på kultur gjennom rimeleg utleige av lokale til kulturaktivitet, støtte til profesjonelle og amatørar sin aktivitet og ved subsidiering av prisar. Kunstnar- og forfattarorganisasjonane sine krav til auka bruk og vederlag må bli innfridde. Kulturminne må kartleggast, haldast ved like og synast fram. Nynorsken, det rusfrie kulturtilbodet og det frivillige studiearbeidet må styrkast.