Frp vil ikkje stilla IS-folk for retten

Ei IS-kvinne med to barn skal hentast heim til Noreg. Frp varslar regjeringskrise. Men vil dei ikkje ein gong hente IS-folk heim for å stille dei for retten?

Regjeringa Solberg har bestemt at ei IS-kvinne med to barn, ein av dei alvorleg sjuk, skal hentast heim til Norge, der barnet kan bli behandla og der kvinna vil bli stilt for retten. Frp er djupt ueinig i vedtaket, og varslar regjeringskrise. Dei vil ikkje henta IS-krigarar heim, seier dei. Dei vil ikkje ein gong henta IS-folk heim for å stilla dei for retten!

Så lenge IS-folka er i Midtausten, blir dei ikkje stilt for retten. Det er også grenser for kor lenge kurdiske styresmakter kan halda IS-folk i fangeleirar og fengsel, utan støtte frå korkje statar eller internasjonale organisasjonar, spesielt no, når kurdarane er hardt pressa av NATO-landet Tyrkia. Tyrkia har allereie sørgd for at fleire IS-krigarar har rømt frå fengsla i dei kurdiske områda. Å la IS-folk bli verande i Midtausten, er å la dei sleppa rettargang, og i staden ein gong i framtida la dei gå under jorda — inntil dei kan dukka opp og begå nye terrorhandlingar ein annan stad. Å la ungar, som utan skuld er hamna i IS-land, bli verande i fangeleirar, er rein barnemishandling. Ikkje bare det: då sikrar me at dei veks opp med hat til vestlege samfunn — med god grunn. Då aukar faren for at dei òg ein gong i framtida tyr til terror, slik fedrane deira har gjort. Vil me unngå det, må me henta dei heim.

Frp seier i store bokstavar at dei er imot terror, men med handlingane sine aukar dei faren for meir hat og meir terror i framtida.

Dette innlegget er skrive av Leiv Olsen, styremedlem i Rødt Rogaland, og stod fyrst på trykk i Rogalands Avis 17.01.20