Avvis jernbanepakke 4!
Jernbanepakke 4 privatiserar jernbana vår for all framtid, og med den blir norsk jernbanepolitikk lagt direkte under EUs jernbanebyrå, ERA. Det er Rødt Rogaland sterkt i mot!
Kva er jernbanepakke 4? Ifølgje regjeringas heimeside regjeringen.no går pakken ut på at EU opprettar EUs jernbanebyrå (ERA), som får myndighet til å godkjenna togmateriell i alle medlemsland og tildela sikkerhetssertifikat som skal gjelda i alle medlemsland.
Dersom eitt land vil ha særlege nasjonale sikkerhetsbestemmelser, må desse ifølgje regjeringen.no vera «berettiget» og «ikke gå lenger enn nødvendig». På regjeringn.no står det ikkje kva som er «berettiga» eller kven som avgjer dette. Saka er at det er ERA, det vil seia EU, som skal avgjera sånt.
All togtrafikk skal ut på anbud, og det seinast frå 25. desember 2023, skriv regjeringen.no. Det finst unntak for togstrekningar som er heilt uinteressante for konkurranse.
Ifølgje regjeringen.no
Me har erfaringar med togsett som er laga for trafikk i Europa. Dei fekk problem på norsk vinterføre. Det er all grunn til å tru at selskap som får sikkerhetssertifikat etter EU-reglar, som neppe blir like strenge som dei norske, vil kreva å få kjøra tog også i Norge. Med jernbanepakke 4 er det då EU som avgjer. Med jernbanepakke 4 blir norsk togtrafikk lagt ut på anbud for all framtid, og nye regjeringar kan ikkje gjera om på det. Vil me ta styringa av tilbake, er det då bare éin ting me kan gjera: seia opp EØS-avtalen.
Med jernbanepakke 4 blir norsk jernbanepolitikk lagt direkte under EUs jernbanebyrå, ERA. Ingenting vil gå gjennom EØS. Me er ikkje medlem i EU. Har Stortinget lov til å avgi myndighet til EU? Ikkje ifølgje Grunnloven. Likevel vil regjeringa avgjera dette med éin stemmes overvekt på Stortinget, utan å bruka Grl. § 115. Dei meiner vel at det å avgi styringa over jernbanen er «lite inngripande». Då må dei meina at jernbane er ei fillesak i Norge!
Jernbanepakke 4 er privatisering for all framtid, den trugar sikkerheten på skinnene — og tilslutning til jernbanepakke 4 bryt med Grunnloven. Avvis jernbanepakke 4!
Dette innlegget er skrive av Leiv Olsen, styremedlem i Rødt Rogaland, og stod fyrst på trykk i Rogaland Avis 25.10.19.