1. mai 2021

Det blir nok ei digital 1. mai-markering pga. pandemien. Her får du oversikt over korleis vi gjer det i år!

Den tradisjonsrike allsongkvelden dagen før, fredag 30. april, kan du sjå på LO i Oslo si nettside her.

Du kan også kome i stemning med spelelister med raude, revolusjonære songar. Her er nokre:

Spotify - årets speleliste frå Raudt Oslos medlemmar

Spotify - Plateselskapet Nr.13 med nye og gamle kampsong-favorittar

Apple Music

YouTube - (frå i fjor, men vi går god for innhaldet likevel)

Tidal

Du bør også få med deg vårt eige politiske tv-program Rødt Hjemmefra, 1. mai-spesial! Det blir sendt direkte fredag 30. april kl. 20.00, og kan også sjåast seinare på YouTube og på raudt.no.

Og her kan du gå i årets digitale 1. maitog. Du ser ei oversikt over alle parolane som er meldt inn. Så kan du velje kva for parole du vil gå bak. Raudt Oslo har desse fire parolane:

  • Krisepakker til de som gjør jobben

- ikke gavepakker til de som tar utbyttet!

  • Få flere i arbeid

- sekstimers normalarbeidsdag nå!

  • Stopp annekteringa av Vestbredden!

Boikott Israel!

  • Solidaritet kjenner ikke landegrenser

- evakuer Moria nå!

Viss du rullar ned til pulje 10, "Min parole", så kan du forhåpentlegvis finne ein av desse fire parolane og trykke "delta". Elles så finn du nok gode parolar å gå bak på sida.

På sjølve dagen skjer det mykje:

LO i Oslo har si 1. mai-side her.

Raudt Oslos vegvisar til 1. mai på Facebook har også mange tips, og der kan du dele bilde, tekst og anna.

LO nasjonalt sender også på nett

Grünerløkka solidaritet har tradisjonen tru 1. maiarrangement.

Det er også meir kultur å få med seg, til dømes konsert med Gatas Parlament med Fagforbundet Barn og Oppvekst, LO i Oslo, og Melahuset. Med appellar frå mellom anna Seher Aydar, Raudt Oslos 2.kandidat til Stortinget.

Digital 1. mai. Foto: Thomas Nygreen