Vi støttar dei streikande vektarane!

I dag deltok representantar frå Raudt Hordaland på fanemarkering til støtte for vektarane som har gått inn i si sjette veke med streik.

Sofie Marhaug (gruppeleiar for Rødt Bergen), Jeanette Syversen (gruppeleiar for Raudt Vestland) og Rose Maiken Flatmo (leiar for Raudt Hordaland) viser sin støtte til dei streikande vektarane. FOTO: Mailiss Solheim-Åkerblom / Raudt

I dag deltok Raudt på fanemarkering for dei streikande vektarane. Dei streikar for betre løn- og arbeidsvilkår. Når toppleiarane har ein månadsløn som tilsvarar årsløna til ein vanleg vektar, burde varselklokkene starte å ringe for dei fleste. Dei krev også skikkelege rettar for lærlingar i faget.

Raudt støttar desse rettmessige krava, og reagerer kraftig på at dei største sikkerheitsselskapa no har vald å permittere hovudtillitsvalde - midt i ein lovleg streik!

- Med stadig aukande ulikskap og ein pandemi som forsterkar denne ulikskapen, er dette ikkje ei tid for lavtløna arbeidstakarar å vise moderasjon, seier Jeanette Syversen, gruppeleiar for Raudt Vestland.

- La oss håpe at arbeidsgivarane tar til vett, før streiken blir trappa opp yttergare. For Raudt er det enormt viktig at streikeretten blir respektert, og at vi tar for gitt at offentlege bygg innan kommune, fylke og staa ikkje driv med streikebryteri! legg jo til.

Medan milliardærane drar i frå, seier vi: no er det på tide at dei rikaste viser moderasjon!