Vestland = antirasistisk sone
Vestland fylkesting har denne veka erklært Vestland som antirasistisk sone, etter føreslag Jeanette Syversen, gruppeleiar for Raudt Vestland.
Raudt Vestland er svært glade for at fråsegna som vart fremma på starten av fylkestinget denne veka, har fått brei forankring i fylkestinget. 60 av 5 representantar stemte for.
- Dette vedtaket er eit direkte resultat av den globale mobiliseringa mot strukturell rasisme. Det ville nok aldri ha fått eit så breitt politisk fleirtal, om ikkje tusenvis av våre innbyggjarar og hadde tatt til gatene. Dette er eit vedtak til ære for George Floyd og alle dei som opplever rasismen på kroppen og i livet - anten strukturelt eller individuelt, seir Jeanette Syversen.
Vedtaket forpliktar til aktivt haldningsarbeide og dette er heilt i tråd med Vestland fylke sitt vedtatte samfunnsoppdrag: Vi set retning, engasjerer og samhandlar for å utvikle gode tenester og eit framtidsretta Vestland.
- Vestland er så vidt eg veit fyrste vedtatte antirasistiske sone i landet. Eg voner at fylkesordførar og fylkesrådmannen med dette i ryggen aktivt medverkar til å inspirere fleire kommunar og fylkeskommunar til aktivt å motvirke rasismen, både i haldningsarbeid og på systemnivå. Mangfald er ei styrke og alle innbyggjarar i Vestland fortener å kjenne seg trygge og sleppe å oppleve rasisme, fortsette Syversen.
Det fulle vedtaket lyder som følgande:
1. Vestland fylkesting erklærer i dag Vestland fylke som antirasistisk sone. Diskriminerings- og likestillingslova sine reglar ligg til grunn for alt arbeid mot rasisme i alle ledd i fylkeskommunen.
2. Opplevd og strukturell rasisme innan fylkeskommunen sine tenester må bli kartlagt, særleg i dei vidaregåande skulane. Det må bli utarbeidd konkrete forslag til tiltak som motverkar opplevd individuell og strukturell rasisme.
3. Vestland fylkesting vil invitere alle kommunane, organisasjons- og arbeidslivet, ungdommens fylkesting og kompetanseforum i fylket til eit samarbeid for å nå målet om å bli ein antirasistisk sone der mangfaldig representasjon etterstevas.
4. Utval for opplæring og kompetanse og Utval for kultur, idrett og integrering får ansvaret for å følgje opp vedtaka.
5. Som ein av dei største arbeidsgjevarane i fylket er det også viktig at Vestland fylkeskommune har merksemd på likeverd i eigen organisasjon. Administrasjonsutvalet får ansvar for å følgje opp det arbeidet på dette området.
Foto:
Frå venstre: Terje Kollbotn (R), Jeanette Syversen (R), Jon Askeland (Fylkesordførar, SP), Synphorien Pombe (SV).