Velkommen til kommunalpolitisk konferanse i Odda

Raudt Ullensvang og Raudt Hordaland arrangerer kommunalpolitisk konferanse i Odda 18. og 19. oktober 2025.

Etter årets stortingsval og ein vellukka kommunalpolitisk konferanse i Odda i 2024, inviterer Raudt Ullensvang og Raudt Hordaland til ny Odda-konferanse 18.-19.oktober 2025. Konferansen har som mål å styrke og samordne Raudt sitt kommunestyre- og fylkestingsarbeid i Hordaland og på Vestlandet, og knyte dette tettare til Raudt sitt arbeid på Stortinget og partiets øvrige virke.

På konferansen vil det bli lagt stor vekt på å utveksle gode erfaringar med å reise aktuelle saker, utvikle politikk og forslag, mobilisering, medie-arbeid og fagleg-politisk samarbeid. Det blir og eit hovedtema om kommuneøkonomi og korleis budsjettarbeidet til Raudt kan gjerast enno betre i kommuneopprøret hausten 2025, og korleis styrke Raudt sin grøne politikk.

Konferansen vil finne stad i Kommunestyresalen i Ullensvang Rådhus i Odda laurdag 18. oktober og sundag 19.oktober. Om kvelden 18.oktober blir det festkveld i «Den raude sal»på Sentralbadet Litteraturhus for å feire stortingsvalet og at det er 50 år sidan Raudt (tidlegare Raud Valallianse) vart vald inn i Odda (no Ullensvang) kommunestyre.



Program laurdag 18. oktober

10:00
Innsjekking, enkel servering og mingling på LO-huset i Odda.

11:00
Programstart i Kommunestyresalen i Odda Rådhus

Det blir tid til spørsmål, diskusjon og pausar undervegs i programmet.

Tema og innleiarar:

Bolk 1:

Mål og meining med Raudt sitt folkevaldarbeid v/ Terje Kollbotn, kommunestyrerepresentant Raudt Ullensvang og 1.vara til Stortinget. Spørsmål og diskusjon.

50 år i kommunestyret v/ Vidar Våde, tidlegare kommunestyrerepresentant RV/ Raudt Odda frå 1975.

Ny i kommunestyret - lærdommer og erfaringer v/ Lisa Karine Haugand, kommunestyrerepresentant Raudt Ullensvang. Spørsmål og diskusjon.

Bolk 2:

Statsbudsjettet: Kva har det å seie for kommuneøkonomien? v/ Charlotte Therkelsen, nestleiar i Raudt og ordførar i Kragerø kommune - digitalt.

Kva har statsbudsjettet å seie for fylkestinga? v/ Jeanette Syversen, gruppeleiar fylkestingsgruppa i Raudt Vestland

Viktige kommunalpolitiske saker for Raudt i forrige stortingsperiode. Korleis bør heile Raudt vidareutvikle ein kommunalpolitisk offensiv dei neste åra? Innleiing ved Tobias Drevland Lund (stortingsrepresentant for Raudt i Kommunal- og forvaltningskomiteen 2021-2025). Presentasjon av Raudt sin nye stortingsrepresentant i Kommunal- og forvaltningskomiteen 2025-2029. Spørsmål og diskusjon.

14:00
Lunsj

Bolk 3:

Berekraftig fjordforvaltning i Hardanger v/ Klaus Rasmussen, leiar i Naturvernforbundet Hardanger.

Naturvern og energipolitikk - korleis kan Raudt løfte aktuelle saker i kommunestyra, fylkestinga og i det nye Stortinget v/ stortingsrepresentant Sofie Marhaug i energi- og miljøkomiteen. Digitalt. Spørsmål og diskusjon.

17:00 SLUTT

19:00
Festkveld i «Den raude sal» på Sentralbadet Litteraturhus. Middag, kulturelle innslag og sosialt samvær. Festtale ved Terje Kollbotn. Dørene opnar kl. 18.00.




PROGRAM SUNDAG 19.OKTOBER:

09:00
Frokost og kaffi på LO-huset.

10:00
Ord for dagen i Kommunestyresalen i Odda.

10:10
Kommuneøkonomi, budsjettarbeid og kommuneopprør hausten 2025.

Innleiingar ved:

Torstein Dahle, leiar Raudt Hordaland og bystyrerepresentant i Bergen kommune om det store premieavviket i kommunane.

Lisa Karine Haugland, kommunestyrerepresentant i Ullensvang om korleis sikre rekruttering av nok arbeidskraft i kommunane og kampen mot vikarbyrå.

Terje Kollbotn, formannskapsmedlem i Ullensvang om dei store demensutfordringane i kommunane, i Norge og globalt.

Døme på gode budsjettprosessar og viktige budsjettlærdommar i Ullensvang og andre kommunar.

Diskusjon om felles budsjettstrategi for Raudt i kommunane, fylkestinga og på Stortinget hausten 2025.

Enkel lunsj.

Korleis vidareutvikle kommuneopprøret hausten 2025?

Innspel til Landsstyremøtet i Raudt 8. og 9. november.

14:30
Oppsummering og avslutning.

15:00
Slutt

PRAKTISK INFO

Påmeldingsfrist: Innan 12. oktober gjennom påmeldingsskjema

Etter påmelding, blir det sendt ut aktuell bakgrunnsinformasjon før konferansen (m.a. om statsbudsjettforslaget som kjem frå AP-regjeringa 15. oktober).

Deltakaravgift: 300 kr per person (kan søkjast dekt av eige lokallag). Deltakaravgiften går til mat og anna servering under konferansen. Festkveld med middag kostar kr. 300 og er ikkje inkludert i deltakaravgift.

Overnatting: Vi har reservert overnattingsplasser på “The Blue House” i Odda sentrum og treng rask tilbakemelding på kven som ynskjer overnatting. Søk gjerne distriktspartiet eller lokallaget om tilskot til reise og overnatting.

Transport og parkering: Bussamband til Odda eller parkering på P-plass mellom LO-huset og Rådhuset i Odda.

Konferansen arrangeres etter Voksenopplæringsloven med stønad frå studieforbundet Næring og Samfunn