Vel blåst, kameratar!

I denne valgkampen har Raudt markert seg som eit nasjonalt parti, dette til trass for at vi ikkje fekk vere med i partileiardebatt i NRK eller på TV2. I heile fylket har vi vist kva frivilligheit er. Vi har stått på stand, delt ut flygeblad, hatt morgonaksjonar og delteke i debattar.

I valgkampen har vi satt kampen mot forskjells-Noreg på dagsorden, og synt at vi er eit solidarisk parti som er på lag med andre folkeslag når det gjeld som mest. Vi har prata om kor viktig det er med opne dører der andre helst vil ha dei lukka og vi har satt klimakampen i samanheng med kampen for sosial og økonomisk rettferdighet. Vi har vist at vi ikkje nøler med å ta fagrørsla sine saker inn i lokalpolitikken, og vi har teke på alvor å få fleire damer inn i.

Så til dei harde fakta. Raudt Hordaland har nok ein gong representasjon i Fylkestinget, ved Solbjørg Marjala frå Raudt Bergen. Det at vi har ei radikal stemme kjem til å bli viktig for fylket vårt, no kan vi endeleg vere med og bestemme att! I Bergen er ein nøgde med å ha behalde to mandatar i bystyret. Dette saman med eit sterkare SV og Ap som etter alle solemerke får fleirtalet i byrådet vil gjere byen raudare og meir solidarisk.

For fyrste gong i historia til Raudt og RV er vi inne med eit mandat i kommunestyret på Askøy. Inge Abrahamsen ser fram til spennande tider i kommunestyret, som i likskap med Bergen har vorte mykje raudare. Voss beheld sitt mandat, noko som var særs viktig. Vi kan nemne at det no er starta eit RU-lag på Voss, så framtida er også sikra. I Odda gjekk ein noko attende, noko som nok kan skuldast at SV har kome på bana der. Vi ser ein attendegang på Osterøy og i Fjell, medan felleslista mellom Raudt og SV i Kvinnherad får 5% oppslutnad.

Vi skal ikkje kvile på laurbæra, no startar jobben med å bygge organisasjonen. Vi skal ha fleire og større lokallag slik at vi mot Stortingsvalet i 2017 og lokalvalet i 2019 oppnår endå betre resultat. Vi vil ha endå meir samarbeid på tvers av kommunegrensene, og vi ønskjer alle velkomne til å kome med innspel til fylkestingsgruppa med Solbjørg Marjala i spissen som skal representere oss alle.

Alt i alt er vi nøgde med valresultatet, og vi vil berømma alle for ein glimrande innsats i valkampen, og gratulere til alle som vart valgt inn!