Vallista for Raudt Vestland er klar

Raudt Vestland jobbar for eit sterkt Raudt i Vestland fylkesting 2023 – 2027, og gjennomførde 6. november sitt nominasjonsmøte i Bergen, der partiet si fylkestingsliste for 2023 – 2027 vart vald.

Jeanette Syversen frå Bergen er gjenvald som 1.kandidat for Raudt Vestland perioden 2023 – 2027. Vidare kjem Rita Tonning frå Indre Sunnfjord på 2. plass, Johan K. N. Lavik frå Bergen Sør på 3. plass og Sindre Johannes Taxt Måge frå Ullensvang (Indre Hardanger). Vestland Raud Ungdom har heile 3 plassar mellom topp 11.

Sju av dei ti toppkandidatane i Raudt Vestland

Rødt Vestland set feminisme og fellesskap ut i praksis med at 7 av 10 på topp er kvinner: Vigdis Madssen (Etne) på 5 plass, Eirik Furuberg (RU) på 6, Marie Kronen Tveranger (Flora) på 7, Synnøve Lie Johannesen (Rødt Askøy) på 8. plass, Hanne Bjerkvik (Fjaler) på 9. plass og Andrea Grini (RU) på 10.plass.

Dei 20 øvste på lista representerar til saman heile det vidstrakte Vestland fylke, med frå 10 til 20: TJ Hamre (RU Lærdal), Ali Ahmad (Bergen), Bridget Penny (Voss), Jonas Svendsen (Åsane og Arna), Solbjørg Marjala (Møhlenpris), Alex Tarkan Sen Evanger (Bergen), Eirik Bakke (Bergen), Helga Holmefjord (Bjørnafjorden), Åsmund Mikalsen Kvifte (Fjaler), og Ingeborg Hordvik (Austrheim, Nordhordland).

Vi takkar Terje Kollbotn, som no trer av frå fylkestingspolitikken, men fortset som vara for Sofie Marhaug på Stortinget, og held fram i kommunepolitikken saman med Raudt Ullensvang.

Dei sosiale og økonomiske skilnadane aukar, med stigande matprisar, skyhøge uregulerte straumprisar som fylgje av marknadsliberalisme, stigande renter og vedvarande høge drivstoffprisar. Statsbudsjettet legg opp til ei framleis stram linje for fylkeskommunar og kommunar, som samtidig har sterkt auka kostnadar på si «tenesteproduksjon» - produksjonen av dei naudsynte felles tenestene som utgjer grunnfjellet i velferdssamfunnet. Raudt vil ha slutt på kutt som rammer usosialt og urettvist.

Det politiske arbeidet i Raudt skal vera eit kollektivt fellesskapsprosjekt, der det er plass for politikarar i ulike livssituasjonar. På lista vår er det både einslege foreldre og uføre, kvinner og kandidatar med fleirkulturell bakgrunn, unge og eldre, mange med lang røynsle frå fagrørsla. Også på denne måten vil Raudt synleggjere i praksis at fellesskap fungerer!