Valkampkoordinator i Hordaland

Raudt Hordaland søker valkampkoordinator i 100% prosjektstilling frå 31. juli-10. september,

Raudt Hordaland søkjer valkampkoordinator i 100 % prosjektstilling for perioden 31.juli til og med 10. september 2023.

Valkampkoordinatoren skal hjelpe med å koordinera valkampen til Raudt Hordaland og hjelpe til med å  gjennomføre vedteken valkampstrategi. Koordinatoren vil jobba tett med valkampsekretær og distriktssekretær, der valkampsekretæren har ansvar for å gjennomføre valkampstrategien. Koordinatoren skal bistå toppkandidatane til Vestland fylkesting og kommunane i Hordaland der Raudt stiller liste (utanom Bergen). Koordinatoren skal koordinera deltakinga til Raudt i debattar og andre eksterne arrangement, og bidra til at partiet er synleg og aktiv både i tradisjonelle og sosiale media. Ein annan viktig del av jobben vil vera å mobilisera til, og støtta oppunder, lokal valkampaktivitet, og jobba med større valkamparrangement. Koordinatoren vil òg få medansvar for praktisk logistikkhandtering.

Valkampen er hektisk. Me søkjer difor ein valkampkoordinator som kjenner Raudt Hordaland, og som både samarbeider godt og jobbar godt sjølvstendig. Gode samarbeidsevner vert sterkt vektlagt. Den ideelle kandidaten er fleksibel og omstillingsdyktig og evnar å jobba under høgt press.

Arbeidsoppgåver:

  • Bistå valkampsekretær med informasjonsarbeid, både internt i organisasjonen, og utover til andre
  • Bistå valkampesekretær med arbeid med sosiale medier.
  • Koordinera aktivitetane til toppkandidatane.
  • Hjelpe med å planleggja, organisera, og gjennomføra møte og andre arrangement.
  • Halda kontakt med lokallag, andre organisasjonar og andre som kontaktar Raudt Hordaland under valkampen.
  • Andre praktiske oppgåver knytt til valkampen i Hordaland

Naudsynt kompetanse og kvalifikasjonar: Førarkort klasse B, disponere eigen bil og kunne reise Du må vere komfortabel med telefon som arbeidsverktøy. Vere tilgjengeleg for kvelds- og helgearbeidGode relasjonelle ferdigheiterAllminneleg god kjennskap til brukargrensesnitt i dei vanlegaste sosial mediene

God kompetanse i skriftleg nynorsk

Ynskte kompetanse og kvalifikasjonar:

  • God organisatorisk erfaring Kunne prioritere sjølvstendig mellom samtidige arbeidsoppgåverErfaring frå organisasjonsarbeid, gjerne valkamp eller liknande arbeid.Erfaring med politisk arbeid er ein fordel
  • Kjennskap til kommune- og/ eller fylkestingspolitikk er ein fordel Erfaring med pressearbeid og forståing for lokalmedier er ein fordel
  • Å vere, eller kunne snøgt kunne gjere seg, godt kjent med politikken til Raudt.
  • Anna relevant erfaring og/eller relevant utdanning kan også vektleggjast

Personlege eigenskapar vil verte vektlagt i tilsetjinga. Kvinner og personar med minoritetsbakgrunn vert særskilt oppmoda til å søkje.

Arbeidsstad er Raudt sitt partikontor i Bergen sentrum. Løn i tråd med Raudt sitt lønsregulativ og tariffavtale. Kvelds- og helgearbeid må påreknast.

Søknadsfrist er snarast. Søknader kan sendast til hordaland@roedt.no. Søknader vert vurdert fortløpande.

Spørsmål kan rettast til valkampsekretær Dag Inge Bøe på daginge@roedt.no eller telefon 45 15 77 64.