Stopp utanlandskabelen frå Eidfjord til Skottland

Raudt Hordaland er skuffa over at fleirtalet i Stortinget, med AP sine røyster, ikkje røysta imot utanlandskabel mellom Hardanger og Skottland sist torsdag, slik Raudt foreslo.

Vi vil halde fram med å presse på for å få stoppa endå ein utanlandskabel som vil føre til meir krafteksport frå Vestlandet og sørge for høgare kraftprisar i Noreg. I dag er kraftprisane i England og Skottland 80 % høgare enn i Noreg.
EIN NY utanlandskabel vil òg føre til ytterlegare press på kraftutbyggjing og effektregulering, noko som vil øydeleggje både naturen og miljøet.

I dag blir det produsert nok vasskraft til å dekkje det norske behovet til forbrukarar, industrien og andre næringar. Dei kablane som alt er bygd, er meir enn tilstrekkeleg til å eksportere eventuell overskotskraft og import i ekstreme tørrår. Å eksportere meir rein vasskraftkraft og dermed importere langt høgare kraftprisar frå andre deler av Europa, vil truge både den kraftforedlande industrien og industrisamfunna som er bygd opp på rimeleg vasskraft, og svekke økonomien til det norske folk.

For Hardanger og Vestlandet vil dette prosjektet kunne bli eit gigantisk tap av arbeidsplassar - og først og framst ein ekstraprofitt for Statkraft og kraftselskapa som har søkt om konsesjon. På vårt fylkesårsmøte i mars oppmoda vi kommunestyrer i Hordaland, samt Hordaland fylkeskommune, om å gå imot utanlandskabelen. I fylkesutvalet i Hordaland har fleirtalet, med unntak av SV, diverre stilt seg positiv til kabelsøknaden-DET BLIR hevda at Norge kan seie nei til fleire utanlandskablar, sjøl om Stortinget har gått inn for norsk tilknytning til den europeiske energiunionen ACER. Formelt sett er dette rett. Men det er påfallande at det er dei store kraftselskapa og høgresida i norsk politikk som både går inn for norsk medlemsskap i ACER og fleire utanlandskablar. NorthConnect-prosjektet er og støtta med 10 millionar euro av EU som eit «infrastrukturprosjekt av felles europeisk interesse» (Connecting European Facility ellere C.E.F.). Difor er dette to sider av same kamp.

For Raudt Hordaland er det hipp som happ om denne kabelen blir drifta av NorthConnect eller Statnett. Konsekvensane vil vere like ille for norsk industri, forbrukarar og miljøet.

Denne fråsegna vart vedteken av fylkesstyret i Raudt 21.04.18, og stod på trykk i Hardanger folkeblad 25.04.18.