Tydeleg standpunkt mot bestriding av sjukemelding

Raudt Hordaland meiner at Raudt bør gå inn for å fjerne arbeidsgivarane sin adgang til å bestride sjukmeldingar. Systemet blir misbrukt av useriøse arbeidsgivarar, og fungerer ikkje slik det var meint.

Raudt Hordaland har vedteke denne fråsegna:

Fråsegn: Krev tydelegare standpunkt mot bestriding av sjukmelding

Raudt Hordaland har fanga opp uro frå fagbevegelsen om at arbeidsfolk oftare og oftare hamnar i økonomisk krise fordi arbeidsgivarar bestrid sjukefråværet deira. Dette set i gang lange byråkratiske prosessar hos Nav, der den sjukmelde ofte står heilt utan inntekt fram til saka er avgjord. Mange synest òg det er svært vanskeleg å ikkje bli trudd av arbeidsgivaren, og blir sjukare av prosessen. Dette skjer utan at fagrørsla har effektive, reelle moglegheiter til å hjelpe dei sjukmelde.

Før sommaren foreslo Raudt seks lovendringar for å styrkje sjukelønnsordninga, sjå Representantforslag 47 S (2024–2025). Dei tre første forslaga gjaldt bestriding av sjukmelding. Raudt bad regjeringa om å avgrense omfanget av bestridingar, og påleggje arbeidsgivarane å forskottere sjukepengar i arbeidsgivarperioden. Raudt bad òg om ei utgreiing av bestridingsproblemet.

Raudt Hordaland meiner at Raudt bør ta eit tydelegare standpunkt i denne saka, og gå inn for å fjerne arbeidsgivarane sin adgang til å bestride sjukmeldingar. Systemet blir misbrukt av useriøse arbeidsgivarar, og fungerer ikkje slik det var meint. Vi har òg fire konkrete forslag til tiltak som kan avgrense omfanget av bestridingar dersom adgangen ikkje blir fjerna.

Kva er bestriding av sjukmelding?

Det er ei grunnleggjande arbeidarrett at vi ikkje skal tape pengar på å vere sjuke. Vi har full sjukeløn dei første 12 månadene ved sjukdom. Arbeidsgivar betaler dei første 16 kalenderdagane, resten skal betalast av Nav. Systemet byggjer på tillit til at fastlegane vurderer sjukdomen vår i fortrolighet, og sjukmeldar oss dersom vi oppfyller vilkåra for sjukeløn. Arbeidsgivarane har ikkje rett til innsyn i sjukdomshistorikk eller diagnosar. Likevel har norske arbeidsgivarar ei snever adgang til å bestride sjukmeldingar og nekte å betale ut sjukeløn.

Strenge krav?

I teorien skal det mykje til før arbeidsgivarar har lov til å bestride ei sjukmelding. Ifølgje Nav sine eigne nettsider må arbeidsgivarar ha «god grunn» til å mistenkje at ein tilsett ikkje faktisk er sjuk eller skada. Dei kan òg bestride dersom arbeidstakar nektar å medverke til sjukefråværsoppfølging, jf. aml. § 2-3. Ifølgje Nav må arbeidsgivarar både dokumentere at dei har snakka med den tilsette om saka, og oppgje gode grunnar til bestridinga – samstundes som dei bestrid.

Dette er ikkje realiteten i sakene vi ser. Mange opplever å få sjukmeldingane sine bestridde sjølv om det er openbert for arbeidsgivaren at dei faktisk er sjuke. Vi ser òg døme på arbeidsgivarar som sender bestridingar til Nav utan å diskutere det med den tilsette.

Kvifor bestrider arbeidsgivarar sjukmeldingar?

Det framstår som openbert at ein stor del av problemet med bestridingar skuldast økonomi. Slik reglane verkar i dag, tener faktisk arbeidsgivarane på å bestride ei sjukmelding. Ei bestriding fører til at arbeidsgivar slepp å betale sjukeløn dei første 16 kalenderdagane av sjukmeldinga. Dei risikerer heller ikkje å måtte betale forseinkingsrenter frå dagen dei eigentleg skulle ha betalt ut sjukeløn. Dette gjeld sjølv om Nav kjem til at bestridinga var ugrunna, og sjølv dersom arbeidsgivar ikkje har oppfylt dokumentasjonskrava.

Slik reglane fungerer i dag, inneber ei bestriding i praksis at arbeidsgivar kan utsetje betaling av sjukeløn i arbeidsgivarperioden – heilt utan risiko. Vi trur derfor ikkje det er tilfeldig at bestridingar oftare kjem frå arbeidsgivarar med svak økonomi, eller som står i fare for konkurs.

Det andre typiske tilfellet er når useriøse arbeidsgivarar ønskjer å presse nokon til å seie opp stillinga si, eller hindre at ein sjukmeld arbeidstakar kjem tilbake i jobb.

Raudt Bergen Fagleg lag har snakka med saksbehandlarar i Nav som fortel at dei ikkje har saksbehandlingsteknisk adgang til å avvise bestridingssaker, sjølv om vilkåra for bestriding openbert ikkje er oppfylte. Vi ser saker der det manglar dokumentasjon på at saka er diskutert med den tilsette, og saker der arbeidsgivar i realiteten ikkje har oppgitt noko anna enn «dårleg magekjensle» som grunnlag for mistanken sin. Sjølv i desse sakene må Nav gå vidare med bestridinga overfor den enkelte arbeidstakar, som ofte blir pålagd å levere nye legeerklæringar og gi innsyn i fulle journalopplysningar. Dette gir lang saksbehandlingstid, og er òg ei belastning for den sjuke arbeidstakaren.

Konsekvensane av bestriding

Ved bestriding står den tilsette utan inntekt umiddelbart. Dei kan ha rett på å få sjukeløn tilbakebetalt, men det tek lang tid før Nav får vurdert dette. Arbeidsgivars bestriding set dessutan i gang ei eiga prosess hos Nav, der dei òg må vurdere om du har rett på sjukeløn for tida etter arbeidsgivarperioden. Dersom arbeidsgivar bestrider ein langvarig sjukmelding, risikerer du altså å stå heilt utan inntekt medan du er sjukmeld, inntil Nav har behandla spørsmålet om bestridinga var velgrunna eller ikkje. Saksbehandlingstida er no opp mot 12 månader i slike saker.

Framlegg

Raudt Hordaland meiner Raudt burde gå inn for å fjerne arbeidsgivarane sin adgang til å bestride sjukmeldingar gitt av lege. Systemet er sårbart for misbruk, og den aukande trenden med bestridingar viser at reglane ikkje fungerer som dei var meint.

Dersom målet med reglane er å komme til livs dei få arbeidstakarane som blir sjukmeld av fastlegen utan at dei eigentleg er sjuke, kan dette løysast på andre og meir effektive måtar. Nav kan til dømes trekke tilbake den enkelte fastlegen sin rett til å sjukmelde dersom dei får fleire bekymringsmeldingar om uriktige sjukmeldingar knytte til same fastlege.

Dersom adgangen til å bestride ikkje blir fjerna, meiner vi at Raudt likevel bør foreslå fire regelendringar som vil gjere ordninga mindre sårbar for misbruk:

  1. Arbeidsgivarar kan ikkje halde tilbake sjukeløn når dei bestrider ei sjukmelding.Fjernar det umiddelbare økonomiske insentivet til å bestride sjukmeldingar.
  2. Det må koste noko å fremje grunnlause bestridingar.Bot ved openbert grunnlause bestridingar, eller plikt til å betale forseinkingsrenter på urettmessig tilbakehalden sjukeløn i arbeidsgivarperioden.
  3. Nav må kunne avvise openbert grunnlause bestridingssaker.Viktig for å redusere saksbehandlingstid og skåne arbeidstakarar frå useriøse arbeidsgivarar som brukar Nav til å «bølle» med dei når dei er sjuke.
  4. Nav må få kortare saksbehandlingstid i desse sakstypane.