Raudt Vestland støttar streiken i UNIO
Følgjande støttefråsegn vart fredag 28. mai sendt til alle fagforbund i UNIO som er tatt ut i streik i Vestland, på vegne av Raudt Vestland si fylkestingsgruppe:
Raudt Vestland anerkjenner at alle tilsette i kommunal sektor, så vel som helseinstitusjonar, gjer ein særs viktig jobb for å holde samfunnet i gang.
Kravet om lønnsauke må som UNIO påpeiker sjåast i samanheng med rekruttering til desse svært samfunnskritiske yrka. Skal vi ha verdens beste velferdsstat er vi avhengige av å behalde og rekruttere nye lærarar, sjukepleiarar, barnehagetilsette og andre funksjonar knytt til helse og offentleg sektor.
De har vår fullstendige støtte i kampen for å styrke vilkåra og løfte inntekta til alle yrkesgruppene som no et teken ut i streik. Vi vonar at KS vil komme raskt tilbake til forhandlingsbordet med eit tilbod som viser at dei er villige til å verdsette UNIO sine medlemmar i sterkare grad enn dei no har vist vilje til.
Som gruppeleiar for Raudt i Vestland, vil eg meir enn gjerne følgje opp denne støtte erklæringa, med å mobilisere støtte til streiken. Eg deltar gjerne på informasjons/streikemøter om de vil ha oss med.
Fagleg leiar i Raudt sentralt, Markus Hansen, har og publisert denne fråsegna torsdag 27. mai på vegner av partiet.
Vi vonar at dette brevet kjem fram til alle hovudtillitsvalde og streikeleiarar slik at støtta frå Raudt i denne viktige streiken blir kunngjort for alle som no er i streik.
Lukke til med kampen!
Jeanette Syversen
Gruppeleiar Raudt Vestland og stortingskandidat Raudt Hordaland