Systematisk diskriminering av LHBTIQ i Vestland får halde fram
Høyre, KrF, FNB, deler av MDG og SP i Vestland Fylkesting valte i går å stemme mot LHBTIQ personers rett til å ikkje bli diskriminert! «- Eg merker meg at KrF og Senterpartiet er einige i viktigheten av å ivareta de private kristne skulane i Bergen sin rett til å ha diskriminerande formuleringar i sine verdidokumenter».
Det seier Raudt Vestland sin Gruppesekretær Jeanette Syversen.
«- Framfør å vise støtte til LHBTIQ-personers rett til å ikkje bli diskriminert i arbeidslivet, valte sentrum-høyre aksen i Vestland fylkesting å markere støtte til dei private kristne skulane. Eg merket meg også at deler av MDG og SP faktisk stemte for fråsegna frå Raudt. Men eg finner det djupt ottefullt at Varaordfører Natalia Golis valte å stemme imot. Det lover IKKJE godt for et inkluderande Vestland!"
Difor er det altså Rødt, SV, AP og deler av MDG og SP sine representantar som står opp og seier vi vil "sende ein klar og tydeleg beskjed, til kunnskapsdepartementet, regjering og storting, om at systematisk diskriminering av LHBTIQ-personar i regi av skulen, er ikkje akseptabelt og bør opphøyra!»
Under her kan du lesa siste versjon av fråsegna som Raudt fremma, og som etter mange justeringar fortsatt ikkje fekk samrøystes støtte.
Fråsegna som ikkje blei vedtatt (siste verrsjon) kan du lese her:
"Ja til mangfald – Nei til skular som diskriminerar!
I Bergensavisen, kan ein 13.12.19 lese følgjande:
«Over 2000 elever i Hordaland går på skoler som ikke ansetter lærere som lever i et homofilt samliv. Det viser BAs gjennomgang av verdigrunnlaget til 15 kristne private grunn- og videregående skoler i fylket. Ti skoler sier nei, tre sier ja, mens de to resterende gir uklare svar. De ti nei-skolene har til sammen 2234 elever, og får i 2019 rundt 240 millioner kroner i statsstøtte.»
Vidare står det i artikkelen: «Seks av skolene er drevet av Egill Danielsen stiftelse. I deres felles verdidokument, som nyansatte må skrive under på ved tiltredelse, står det blant annet:
«Det livslange, monogame ekteskap mellom mann og kvinne er rammen for det seksuelle samliv. Det forventes at alle lever i samsvar med dette.» Dokumentet inneholder også punkter som gjør det klart at abort er uønsket, og at Guds ord står over norsk lov.»
Dette meinar vi kan vere eit brot på intensjonen i likestillings- og diskrimineringslova. Private skular er arbeidsgjevarar og målberande institusjonar på lik linje med offentlege skular og er difor forplikta til aktivt vere med på kjempe imot diskriminering på bakgrunn av legning, kjønn, religion og etnisitet.
Det følgjer av arbeidsmiljølova at direkte og indirekte diskriminering på grunn av seksuell orientering er forbode. Fylkeskommunen set krav til alle skular om at dei skal halde seg innanfor lova.
I Hordaland fylkeskommune sin Handlingsplan mot diskriminering av lesbiske, homofile, bifile og transpersonar heiter det blant anna at «Alle nivå i skulesektoren i Hordaland fylkeskommune skal arbeide for å utvikle eit læringsmiljø som fremjar god helse og læring for lhbt-befolkninga», og dette må sjølvsagt også gjelde for dei private vidaregåande skulane under nye Vestland fylkeskommune.
Uavhengig av om skulane er private eller offentlege, vil Vestland fylkesting seie ja til mangfald og nei til diskriminering.
Vestland fylkesting forsvarar retten til fritt å velje kven ein vil elske og leve saman med, uavhengig av kjønn, legning, etnisitet og religiøs overtyding. Vestland fylkesting vil sende ein klar og tydeleg beskjed, til kunnskapsdepartementet, regjering og storting, om at systematisk diskriminering av LHBTIQ-personar i regi av skulen, er ikke akseptabelt og bør opphøyre."