Styrk nynorsken i Hordaland!

Hordaland Fylkesting er samla til Fylkesting på Rosendal Fjordhotell 13. - 14. juni 2016. Raudt sin fylkestingsrepresentant Terje Kollbotn vil fremje interpellasjon om styrking av nynorsken i fylket.

Saka kjem opp på fylkestinget i oktober. 

Hordaland fylkeskommune har nynorsk som administrasjonsspråk. Likevel opplever vi diverre mange døme på at nynorsken er på vikande front, spesielt i Bergensregionen. I Hordaland fylkesting er det gjort vedtak om å arbeide for ein vestlandsregion, med Bergen som vestlandshovedstad. Då må det utviklast ein offensiv strategi for å styrke nynorsken både i Bergen og resten av Hordaland.

Vedtak:
Det vil koma ei sak om dette i Fylkestinget i oktober. Det var eit samrøystes vedtak.

Samstundes opplever vi i desse dagar prosessar med kommunesamanslåing i Hordaland, der nynorsken vil kunne bli utsatt for ytterlegare press i språkdelte område. Mange elevar både på ungdomstrinnet og i vidaregåande skular i Hordaland går frå nynorsk til bokmål som hovedmål. Dei fleste framandspråklege elevane og dei som går på norskkurs innan vaksenopplæring får berre tilbod om bokmål i nynorskfylket Hordaland. Her er det gledeleg at fleire kommunar (t.d. Voss, Ullensvang, Osterøy og Stord) relativt nyleg har gått over frå bokmål til nynorsk som opplæringsmål for vaksne innvandrarar.

På denne bakgrunnen, vil eg spørre:
1. Vil fylkesordføraren ta eit politisk initiativ å få utvikla ein handlingsplan for å få styrka nynorsken på alle plan i Hordaland, ikkje minst i Bergensregionen?
2. Vil fylkesordføraren gå inn for tiltak for å styrke nynorsken innan vidaregåande skular og norskopplæringa for asylsøkjarar, flyktningar og arbeidsinnvandrarar i fylket?
3. I tilfelle svara er ja på dei to første spørsmåla: Korleis vil fylkesordføraren gå i bresjen for utvikle eit breidt samarbeid for å få verkeleg gjennomslag for ein offensiv for nynorsken i heile Hordaland fylke?

Forslag til vedtak:
«Hordaland fylkesting ber fylkerådmannen utarbeide eit forslag til handlingsplan for å styrke nynorsken både i forvaltninga, dei vidaregåande skulane og elles i Hordaland fylke»

Odda, den 13.juni 2016.
Terje Kollbotn (fylkestingsrepresentant Raudt Hordaland)