Støtte til kabel i jord, fjell og sjø

Eit samrøystes fylkesting i Vestland støtta torsdag 17. mars Raudt sin interpellasjon om at kabel i jord, fjell og sjø skal utgreiast som eit reelt alternativ til luftspenn i samband med byggjing av nye kraftleidningar. Eit fleirtal på 37 stemmer bad og om at Noregs Vassdrags- og elektrisitetsvesen (NVE) og Olje- og Energidepartementet (OED) utreidar kabel gjennom jord, fjell og sjø må kome for linja frå Blåfalli til Gismarvik i Sunnhordland og på Haugalandet.

Interpellasjon vart reist av Terje Kollbotn for Raudt, og er særleg aktuell i og med den føreslåtte 420KV-linja frå Blåfalli til Gismarvik i Sunnhordland. Saka har føyrd til store protestar i Sunnhordlands-regionen, og mellom anna skipinga av Forum for sjø- og jordkabelteknologi som Raudt Hordaland støttar og er med i som observatørar.

INTERPELLASJON OM SJØ- OG JORDKABEL ELLER MONSTERMASTER ( LUFTSPENN)?

Statnett har store ambisjonar om å ruste opp og byggje ut det norske transmisjonsnettet for enorme beløp. Til no har dette i all hovedsak skjedd i luftspenn. Dette byggjer på lover og forskrifter som vart vedtatt i Stortinget for over ti år sidan ( jfr. Stortingsmelding 14 (2011-12) «Vi bygger Norge - om utbygging av strømnettet».

Dei fleste hugsar kampen om dei sokalla monstermastene gjennom Hardanger frå Sima til Samnanger i samband med forsterkinga av nettet mot Bergensområdet. Alternative trasear i sjø, jord og tunnell vart diverre avvist den gongen, trass stor motstand. Samstundes har Statnett satsa stort på byggjing av sjøkablar frå Norge til kontinentet ( Nederland og Tyskland) og England dei seinare åra.

Sidan linjekampen i Hardanger, har det vakse fram sterkt auka medvit om viktige naturverdiar - biologisk mangfald, fauna og dyr og fugleliv, kulturlandskap og friluftsomsyn i samband med linjebyggjing mange stader i Norge. Både Vestland fylkeskommune og Næringsalliansen i Vestland har tidlegare bede om utgreiing av sjø- og jordkabelløysingar som alternativ til dagens politikk med høgspentmaster.

Denne konflikten er i dag brennaktuell i Sunnhordland og Nord- Rogaland. Statnett har søkt om konsesjon om å byggje ei ny 420 kV-linje i luftspenn frå Blåfalli i Matre i Kvinnherad via Etne og Vindafjord til Haugaland Næringspark i Tysvær. Denne søknaden har vakt stor tverrpolitisk motstand og engasjement . Etne kommunestyre har i to omgangar samrøystes sagt at dei ynskjer primært sjø- og jordkabel ( i 2020 og i 2022). På denne bakgrunn er det nyleg tatt initiativ til eit tverrpolitisk og tverrfagleg forum for sjø- og jordkabelalternativ for å utfordre dagens nasjonale politikk der luftspenn framleis blir prioritert framfor sjø- og jordkabelløysingar.

Spørsmål til fylkesordførar

1. Vil fylkesordføraren støtte initiativet frå Etne kommunestyre om å be NVE og OED om å utgreie eit alternativ for sjø- og jordkabel for linja Blåfalli - Gismarkvik?

2. Vil fylkesordføraren ta initiativ til at Vestland fylkeskommune ber regjeringa og Stortinget om å kome med forslag til ny lov og forskrift der sjø- og jordkabel blir prioritert framfor luftspenn på sentral- og regionalnettet?

Forslag til vedtak:

1. Vestland fylkesting vil be regjeringa om å ta initiativ til at sjø- og jordkabel blir hovedalternativet ved ny nasjonal linjebyggjing i Norge. (Samrøystes vedteke)

2. Vestland fylkesting ber konkret NVE og OED om at ei slik utgreiing, basert på oppdatert teknologi, må kome for 420 kV-linja Blåfalli - Gismarvik. Forslaget fekk 37 stemmer for og 27 stemmer imot