Stopp Israels drap på palestinarar – ja til ein verdig fred for alle og for eit fritt Palestina.
Raudt Hordaland sitt årsmøte 16. mars 2024 vedtok ein tydeleg fråsegn om situasjonen i Palestina
Stopp Israels drap på palestinarar – ja til ein verdig fred for alle og for eit fritt Palestina.
Det den israelske hæren IDF gjer i Gaza i desse dagar, og som dei har gjort i 5 månader, er så grove angrep på det palestinske folket, på folkeretten og menneskerettane at alle taleføre må protestera!
Ingen land kan hevda retten sin til sjølvforsvar ved å teppebombe sivile område, bomba sjukehus og skular, myrda sivile og journalistar som rapporterer frå krigsområdet. Meir enn 80 prosent av befolkninga i Gaza er driven på flukt, og dei fleste er framleis innesperra i krigssona.
Israel struper tilførselen av mat, medisin, vatn og drivstoff til sivilbefolkninga. Smittsame sjukdommar breier om seg, og legg endå fleire døde til dei nærare 30.000* menneska som alt er drepne av IDF sine bomber og soldatar. Nærare 80.000* menneske er skadde, mange av dei lemlesta for livet som følgje av krigshandlingane, og tusenvis er sakna under ruinane av dei samanrasa bygningane i Gaza. UNRWA sin leiar uttaler at 300 000 palestinarar risikerer å døy av svolt i nordre del av Gaza ettersom Israel har blokkert halvdelen av hjelpesendingane der sidan årsskiftet.
Dette er ikkje ein uunngåeleg naturkatastrofe - dette er krigshandlingar Israel gjennomfører med opne auge og med fullt overlegg. Krigen og måten han blir ført på er uakseptabel og må stansast!
Verken Israel, eller nokon andre, har rett til å driva folkemord.
Krigføringa er sjølvsagt heller ikkje vegen til fred og tryggleik for det jødiske folket – tvert om er den ei oppskrift på ufred i overskodeleg framtid. Vegen til fred må gå gjennom våpenkvile og anerkjenning av at det palestinske folket også har menneskerettar - rett til liv og land.
• Me krev våpenkvile no og ein varig og verdig fred for alle!
• Me krev eit fritt Palestina!
Alle i det historiske Palestina har rett til at leva med like rettar i fred, likeverd, solidaritet og demokrati uavhengig av kjønn, rase, tru, etnisitet, seksualitet og kulturell bakgrunn. Ingen er frie før alle er frie!
Den norske staten og det internasjonale samfunnet må boikotta den israelske staten økonomisk, kulturelt, og i høve utdanning, og avbryta alt forskings- og utviklingssamarbeid så lenge landet held fram med krigshandlingar, okkupasjon og dei ulovlege busetjingane. Den norske staten må stoppa investeringane som oljefondet har i israelske verksemder og hindra at norsk-produserte våpen eller anna krigsmateriell blir kjøpt av Israel.
* according to the Ministry of Health (Moh) in Gaza: Between 7 October 2023 and noon on 21 February 2024, at least 29,313 Palestinians were killed in Gaza and 69,333 Palestinians were injured, according to Moh in Gaza. (https://www.ochaopt.org/content/hostilities-gaza-strip-and-israel-flash-update-123)