Staten sigra over velferdsprofitørane!

Metis Akademiet og Bergen Private Gymnas, har ifølgje Kunnskapsdepartementet, betalt for mykje husleie til seg sjølv. Skulane har allereie attendebetalt, men meiner at dei ikkje har brote friskulelova. Dei gjekk difor til tvistesak mot Kunnskapsdepartementet i mai, og no har dommen kome.

Raudt Hordaland har fulgt denne saka nøye, og var blant anna tilstades i Tingretten den siste dagen. Det er særs viktig at velferdsprofitørar blir stoppa når dei bryt lova som seier at alle offentlege tilskot og skolepengar skal kome elevane til gode. Dette inneber mellom anna at skolen ikkje kan ådra seg kostnader i form av leigeutgifter for eigedom eller lokale som tilhører skolens eigarar eller deira nærståande eller på anna måte pådra seg kostnader som kan innebere at alle offentlege tilskot eller eigendelar frå elevane ikkje kjem elevane til gode. (Friskulelova § 6-3).

Retten var heldigvis einig med staten i at skulane i 2011 betalte en husleie som låg langt over marknadspris, og langt over det morselskapet betalte huseigar. Attendebetalinga er difor ifølgje dommen heilt rett.

Utover hausten kjem Raudt til å jobbe vidare for å avdekke velferdsprofitørar, både innan vidaregåande skular og andre delar av samfunnet. I oktober skal Raudt i heile landet ha ein aksjonsdag mot velferdsprofitørar. 

Lurer du på meir angåande dommen? Kontakt gjerne Raudt sitt medlem i Opplæringsutvalet i Hordaland Solbjørg Marjala på mail solbjorgmarjala@gmail.com eller leiar i fylkeslaget Daniel Ducrocq dducrocq@broadpark.no. 

Les meir om saka her: http://www.bt.no/nyheter/lokalt/Privatskoler-tapte-mot-staten-i-husleietvist-3621755.html