Sofie Marhaug toppar vallista til Raudt Hordaland

Raudt Hordaland har gjennomført nominasjonsmøte og halde strategikonferanse der stortingsvallista og viktig prioriteringar for valkampen blei vedteke.

Sofie Marhaug, 1. kandidat for Raudt Hordaland.

På nominasjonsmøtet 8. november blei Sofie Marhaug (30) vald som listetopp for Raudt Hordaland til stortingsvalet i 2021. Marhaug er i dag gruppeleiar for Raudt i bystyret i Bergen og sit i bystyret på sin tredje periode. Deretter finn vi Terje Kollbotn (69) frå Ullensvang og Jeanette Onarheim Syversen (36) frå Bergen, som begge representerer Raudt i Vestland fylkesting. Vidare finn vi Mohammed Kallel (57) frå Stord, og Sunniva Vik (18) som er leiar for Bergen Raudt Ungdom.

- Vi er glade for å kunne presentre ei liste med sterke namn frå heile Hordaland, som saman representerer eit mangfald i alder og bakgrunn. Vi er sikre på at denne lista vil sikre at Raudt Hordaland blir representert på Stortinget frå neste haust av, seier Nils Bjarte Sæle, som har leia nominasjonskomiteen.

Dagen før nominasjonsmøtet blei det også gjennomført ein strategikonferanse, der viktige prioriteringar for valkampen blei vedteke. Vi skal fortsette å bygge alliansar med både fagrørsla og industrien, samstundes som vi jobber mot målet om ein grøn industriplan med nye, grøne industriarbeidsplassar i distriktet vårt. Gratis SFO, sosial bustadspolitikk og retten til heile, faste stillingar blir også viktige saker for Raudt Hordaland i tida som kjem.

Heile vallista:
1. Sofie Marhaug (30), Bergen

2. Terje Kollbotn (69), Ullensvang

3. Jeanette Onarheim Syversen (36), Bergen

4. Mohammed Kallel (57), Stord

5. Sunniva Andresdottir Vik (18), Bergen

6. Ingeborg Hordvik (38), Austrheim

7. Inge Abrahamsen (40), Askøy

8. Bridget Penny (54), Voss

9. Mailiss Solheim-Åkerblom (31), Bergen

10. Helga Holmefjord (42), Bjørnafjorden

11. Gaute Lund (47), Kvinnherad

12. Ahmed Chiku Mkalu (62), Bergen

13. Anastasia Garbar (31), Bergen

14. Håkon Furdal (41), Blømlo

15. Sindre Målge (26), Ullensvang

16. Silje Paulsen (18), Askøy

17. Alexander Pettersen (28), Bergen

18. Lars Vassenden (29), Øygarden

19. Ivar Jørdre (60), Bergen

20. Tora Kristiane Finne (24), Bergen

21. Lena Lofthus Osmo (35), Kvam

22. Guro Hesjedal Lunde (31), Vaksdal