Sofie Marhaug og Jeanette Syversen på topp for Raudt Hordaland

Nominasjonskomiteen til Raudt Hordaland er ferdig med si innstilling til stortingsvalliste. Sofie Marhaug, gruppeleiar for Rødt Bergen, og Jeanette Syversen, gruppeleiar for Raudt Vestland, toppar lista.

Sidan i vår har nominasjonskomiteen til Raudt Hordaland jobba iherdig for å finne dei beste kandidatane til neste års stortingsvalliste. No er endeleg listeføreslaget klart, og komiteen er stolt av å presentere ei mangfaldig og sterk liste. Kandidatane kjem frå 7 ulike kommuner og har ein gjennomsnittsalder på 39 år. - Vi opplever å ha satt saman ei god gruppe med breidt mangdald i alder og bakgrunn, seier komitéleiar Nils Bjarte Sæle.

På toppen av lista finn vi Sofie Marhaug (30), gruppeleiar for Rødt Bergen, og Jeanette Syversen (36), gruppeleiar for Raudt Vestland. I tillegg gjer venteranen Torstein Dahle comeback i politikken og er innstillt blant topp 5.

For spørsmål om lista, ta kontakt med leiar for nominasjonskomiteen Nils Bjarte Sæle: 944 88 190 / nils.bjarte@me.com .

Komiteens fulle listeføreslag ser slik ut:

1. Sofie Marhaug (30), Bergen

2. Jeanette Syversen (36), Bergen

3. Terje Kollbotn (69),

4. Tora Kristiane Finne (24), Bergen

5. Torstein Dale (72), Bergen

6. Camilla Lexander (25), Bergen/Askøy

7. Mohamed Kallel (57), Stord

8. Bridget Penny (54), Voss

9. Inge Abrahamsen (40), Askøy

10. Guro Hesjedal Lunde (30), Vaksdal

11. Gaute Lund (47), Kvinnherad

12. Ahmed Chiku Mkalu (62), Bergen

13. Håkon Furdal (41), Bømlo

14. Anastasia Valerevna Garbar (31), Bergen

15. Vetle Mikkelsen (24), Bergen/Ullensvang

16. Erica Restoften (40), Bergen

17. Alexander Petersen (28), Bergen

18. Silje Paulsen (18), Askøy

19. Sindre Måge (26), Ullensvang

20. Embla Karidotter (28), Bergen

21. Bjarte Kaldestad (45), Voss

22. Torill Frøise (48), Askøy

Endeleg liste skal vedtas på nominasjonsmøte søndag 20. september. Lokallag kan sende inn endringsføreslag til nominasjonskomiteen innan 7. september (nils.bjarte@me.com), og det blir også moglegheit til å stille føreslag direkte på møtet.

Nominasjonsmøte består av delegatar frå alle lokallaga i Raudt Hordaland, og talet på delegatar for kvart lokallag er rekna ut med bakgrunn i medlemstal. Ta kontakt med din lokallagsleiar om du ynskjer å stille som delegat. Øvrige spørsmål om møtet kan rettast til distriktsstyret på e-post: hordaland@raudt.no.