Smittevern og kollektivtransport i Vestland
- Om vi skal klare å oppretthalde krava frå helsemyndigheitene om ein meters avstand, så er det og viktig å sørge for at rutetilbod og ferjesamband er tilpassa slik at folk kan komme seg på arbeid.
Gruppeleiar og fylkestingsrepresentant i Raudt Vestland, reagerer på informasjon som er lagt ut på Vestland Fylkeskommune sine nettsider 12.mars. Temaet er avgrensingar i kollektivtransporten knytt til den pågåande COVID-19-krisa, og slik det er å lesa, har Vestland fylkeskommune og Bergen kommune vedteke slike avgrensingar. Ho meiner vidare at det er viktig å informera publikum om at dette er eit administrativt vedtak som er tatt utan at politiske organ med vedtaksmynde har handsama saka.
- Fylkesrådmannen har mynde til å fatte vedtak i krisesituasjonar i samsvar med reglementet for folkevalde organ. Eg vonar samstundes at fylkesrådmannen er oppteken av at vi vidare set ein standard for demokratisk forankring av vedtak også i krisetider. Dei beste løysingar kjem når vi arbeidar i fellesskap, seier Jeanette Syversen.
- Om vi skal klare å oppretthalde krava frå helsemyndigheitene om ein meters avstand, så er det og viktig å sørge for at rutetilbod og ferjesamband er tilpassa slik at folk kan komme seg på arbeid. Det må om naudsynt opprettast eigne pendlarruter, med nok kapasitet til å oppretthalde smitteverntiltak, for dei som er avhengige av å nytte kollektivtilbodet. Spesielt kritisk er dette for dei som arbeider i helsevesenet! Der det ikkje let seg gjere å oppretthalde eit høveleg kollektivtilbod, må tilsette som arbeidar i kritiske tenester få nytte drosjer og få dette fullt ut dekka, meiner Syversen.
Gruppeleiar Raudt Vestland Jeanette Syversen