Slutten på sosialdemokratiet i Arbeidarpartiet

Nyleg bekrefta Jonas Gahr Støre det mange av oss har visst lenge. Når den nye regjeringskabalen skal leggjast opp etter valet i år, vil han og Arbeidarpartiet prioritere samtalar med Venstre og KrF. Dette kjem etter ei årrekkje med høgrevriding i partiet som tidlegare har vore å rekne som ein politisk bauta på venstresida i Noreg. Er dette slutten på sosialdemokratiet i Arbeidarpartiet?

Venstresida og Ap har opp gjennom åra stått på barrikadane i mange viktige sakar. Dei har mellom anna vore med på å kjempa fram grunnleggjande arbeidarrettar og kvinnerettar opp igjennom åra – med god hjelp frå fagrørsla, sjølvsagt. Men no opnar altså AP opp for regjeringssamarbeid med fagforeiningsfiendtlege Venstre. Og ikkje nok med det: 39 år etter at abortlova vart vedteke, opnar dei altså opp for samarbeid med KrF – det mest kvinnefiendtlege partiet på Stortinget.

Eit eventuelt samarbeid med Venstre og KrF er likevel berre eit symptom på hovudproblemet: Ei årrekkje med høgrevriding i Arbeidarpartiet. Saman med norsk høgreside har Arbeidarpartiet ansvaret for den feilslåtte sjukehusmodellen med helseføretak, sal av fleire statlege føretak, den arbeidarfiendtlege EØS-avtalen – og mykje meir.

Ein kan òg sjå liknande tendensar i dei andre store sosialdemokratiske partia i Europa. For å kapre flest mogleg veljarar, har ein lagt seg lengre og lengre mot sentrum-høgre. Som følgje ligger mange av AP sine europeiske systerparti med brekt rygg. Det same gjaldt inntil nyleg det britiske Labour Party.

Likevel klarte Labour å auke si oppslutning ved valet i år, og i dei nyaste meiningsmålingane får dei så mykje som 43% oppslutning. Viss det hadde vore val i dag, hadde dei med andre ord vore større enn det Konservative partiet for første gong på lenge. Korleis er dette mogleg?
Svaret er enkelt. I 2015 vart den uttalte sosialisten Jeremy Corbyn valt som leiar for Labour. Han møtte stor motstand, både frå meiningsmotstandarar og dei meir sentrumsorienterte i sitt eige parti. Men med eit klassisk sosialdemokratisk valprogram, som er meir likt Raudt og SV enn det norske Arbeidarpartiet, har Jeremy Corbyns Labour trossa alle forventingar.

Dette er ein tendens vi ser over heile verda. I Spania har den venstreorienterte rørsla PODEMOS vakse fram, i Hellas har sosialistiske Syriza blitt det største partiet, og i det tradisjonelt høgreorienterte USA kårar fleire meiningsmålingar for tida sosialisten Bernie Sanders som den mest populære politikaren i landet. Dei sosialistiske ideane er med andre ord meir populære enn dei har vore på lenge.

Likevel tweeta byrådsleiar Harald Schjelderup(AP) seinast i mai i år at han håpte slutten nærma seg for Jeremy Corbyn, og likevel samanliknar Jonas Gahr Støre sitt politiske prosjekt med Emmanuel Macron i Frankrike – ein president som har meir til felles med Høgre enn AP.

Det er på høg tid å vakne opp. Ein ytterlegare høgrevriding vil kunne vera spikaren i kista for Arbeidarpartiet. Så i staden for å opne opp for samarbeid med fagforeiningsknusarar og kristenkonservative, er det på tide at Arbeidarpartiet står stødig på sine sosialdemokratiske verdiar, og ser til venstre. Viss ikkje, kjem nok veljarane til å gjera det for dei.

Når Raudt kjem inn på tinget i år, skal vi dra det politiske Noreg mot venstre. For å styrke velferdsstaten. For å kjempe mot arbeidsløysa, og for å minske dei økonomiske skilnadane her til lands. Fordi fellesskap fungerer.

Vetle Nordgård Mikkelsen
leiar i Raudt Studentlag og listekandidat for Raudt