Sats på Bergensbanen og Vossabanen!

Raudt Vestland vil invitere alle folkevalgte i Vestland fylkesting til å sende eit tydelig signal til sentrale styringsmakter, om styrking av Bergens- og Vossabanen. Spesielt sentralt er kravet i vedtak punkt 2. Sjå heile interpellasjnen fra Raudt Vestland her og høyr radiosak fra NRK 14.desember 2019:

Fv: Anders Hamre Sveen, Terje Kollbotn, Jeanette Syveresen (gruppeleiar) og Sofie Marhaug (gruppeleiar, Rødt Bergen)

Til fylkesordførar Jon Askeland (SP):

INTERPELLASJON TIL VESTLAND FYLKESTING 18. DESEMBER 2019 I SOGNDAL.

SATS PÅ BERGENSBANEN OG VOSSABANEN!

9. desember 2019 annonserte Jernbanedirektoratet på vegne av regjeringa at Vy , tidlegare Norges Statsbaner (NSB) , vann den internasjonale anbodskonkurransen om kven som skulle drifte Bergens- og Vossabanen dei neste åra. Dette skjedde i hard internasjonal konkurranse frå aktørar i Sverige og Tyskland - 110 år etter at Bergensbanen offisielt vart opna av dåverande kong Haakon som eit felles nasjonsprosjekt.

[Hør sak i NRK Hordaland her!]

Det mest positive med denne avgjera er sjølvsagt at det var eit norsk statleg selskap som vann konkurransen, både på pris og på kvalitet – jølv om Vy Tog AS ikkje er det NSB vi eingong kjende. Og det er forståeleg at dei Vy-tilsette er svært letta over at dei slepp å jobbe for ny, utanlandskeigd arbeidsgjevar.

Men kva blir dei reelle kostnadane og konsekvensane for samfunnet og alle oss som elskar å køyre tog etter denne avgjerda? For det første har anbodskonkurransen i seg sjølv vore både dyr, tidkrevjande og ressurssløsande. For det andre verkar det som ein rein anbodsparodi når det statlege Vy må betale 200 millionar årleg til staten for å få køyre tog vestover. Om dette går ut over billettprisar, løns- og arbeidsvilkåra til dei tilsette, rutetilbodet der trafikk-grunnlaget er minst, eller manglande vedlikehald og fornying av materiell, veit vi førebels ikkje. Vy er ein marknadsorientert organisasjon, der innsparing gjerne går utover både kvalitet og arbeidsvilkår. Underleverandørar innan reinhald og vedlikehald kan hende må betale prisen. Den endelege kontrakten mellom Jernbanedirektoratet og Vy skal skrivast under i Bergen 20.desember. Vi føreset at alle detaljar i avtalen då blir offentleg, slik at fylkestinget kan stille konkrete politiske krav til samferdsleministeren, regjeringa og stortinget om eit best mogleg tilbod på Bergensbanen og Vossabanen frå 2020.

På denne bakgrunn vil eg gjerne spørje fylkesordføraren om kva han vil gjere politisk på vegne av Vestland fylkesting for å sikre atBergensbanen og Vossabanen blir rusta opp og får eit langt betre tilbod, m.a. når det gjeld natt-tog, billettprisar, materiell og køyretid (Frå 2020)

Framlegg til vedtak:

  • Vestland fylkesting krev at regjeringa og stortinget går inn for ei storstilt opprusting av Bergensbanen og Vossebanen. Det gjeld både skinnegang, materiell, tryggleik, vedlikehald, reisetid og rutetilbod. Dette kan ikkje løysast med rein konkurranseutsetting i ein internasjonal marknad. Og dette må ikkje skje gjennom svekking av løns- og arbeidsvilkåra for dei tilsette verken i Vy Tog AS eller hos underleverandørar.
  • Dei 200 millionane som Vy betalar staten for å få køyre Bergensbanen og Vossabanen , må fullt og heilt bli nytta til investeringsmidlar for å styrke tilbodet på desse strekningane, samt å redusere reisetida kraftig. Dette vil og gje ein stor klimagevinst gjennom redusert privatbilisme og meir gods på bane.
  • Ein nasjonal strategi for utvikling avjernbaneutbygging og drift i offentleg regi må stå sentralt i arbeidet med Nasjonal Transportplanog framtidig norsk jernbanepolitikk.

Jeanette Syversen (gruppeleiar Raudt Vestland)