Rødt Hordalands årsmøte 2020
Laurdag 21. mars er det duka for Rødt Hordaland sitt årsmøte 2020. Alle lokallag i Hordaland får sende delegatar utfrå medlemstal. Møtet finn stad i auditoriet til Nygård skule, Lars Hilles gate 16 A, i Bergen sentrum. Innsjekk av delegatar frå kl. 11.30 og møtestart kl. 12.00. Her finn du nyttig informasjon om påmelding, fristar, sakspapir m.m.
No er sakspapira til årsmøtet klare, dei kan du lese i dokumentet her. Alle sakspapir blir også sendt ut til lokallagsleiarar og delegatar på e-post seinast to veker før møtet finn stad.
Ta kontakt med din lokallagsleiar om du kunne tenkje deg å stille som delegat. Alle delegatar må meldast på ved å sende e-post til hordaland@raudt.no (og sette Jeanettesyversen2019@gmail.com på kopi). Frist er 1. mars.
Ynskjer du å framme ei fråsegn eller føreslag til årsplanen til Rødt Horadaland, må du sende dette på e-post til hordaland@raudt.no innan 13. mars. Hugs å få med fullt namn og kontaktinformasjon, slik at vi kan nå deg om vi har spørsmål.
Vi gler oss til gode diskusjonar!
Hjarteleg helsing frå styret i Rødt Hordaland.