Regjeringa - ei ulukke for demokratiet
Medan statsminister Erna Solberg meiner det vil vere ei stor ulukke om Hordfast ikkje blir prioritert i Nasjonal Transportplan, ser det ut til at Vestland fylkesting kjem til å stemme i tråd med Raudt sitt standpunkt.
Gruppeleiar for Raudt Vestland, Jeanette Syversen, vil lovprise fleirtalet i Vestland fylkesutval sitt forslag til høyringsfråsegn til Nasjonal Transportplan (NTP).
"Det er ei innstilling til fylkestinget tysdag 12. mai som er edrueleg og veldig tydelig prioriterer liv og helse" seier Syversen.
Erna Solberg har uttalt at det vil vere ei stor ulukke for Vestland om Hordfast og gigantbrua over Bjørnefjorden til 40 milliardar kroner ikkje blir ein realitet. Raudt Vestland meiner dette utsagnet nærmr seg rein maktarroganse.
"Etter å ha kjempa for å slå saman to av dei kanskje mest kuperte fjordfylka i heile landet, bør statsministeren halde seg for god til å direkte freiste å overstyre og diktere det demokratiske ordskiftet, i ein pågåande høyringsrunde om NTP i Vestland fylke," konstanterar Syversen.
"Om eg var statsminister, ville eg ikkje ha valt dei orda, for å seie det mildt. Det er altfor mange etterlate etter ulukker på elendige vegar her vest som nok har ei heilt anna definisjon enn statsministeren på kva ein stor ulukke er. Å miste dei du er glad i som følgje av ras, å leve i konstant frykt for liv og helse ute i distrikta, og undre seg om ein kjem til og frå arbeid, skule og heim, eller å køyre på utrygge vegar proppa av tungtransport, det opplever folk som ei ulukke," legg ho til.
Hareide gjekk ut i BT 5. mars med ei tydeleg oppmoding til fylkespolitikarane om å prioritere. Det har fleirtalet i fylkesutvalet (bortsett frå H og FrP) no gjort.
"Raudt registrerer at samferdsleministaren på Vestlandsrevyen 7. mai køyrer i 110 km/t rett over fylkesutvalet sin vilje til å prioritere guds frie natur og liv og helse, med å rett ut seie at han ikkje vil respektere eit høyringssvar som ikkje prioriterer Hordfast-prosjektet. Det skjer viktig verdiskaping i alle delar av fylket, og omgrepet "samfunnsnytte" omfattar for Raudt meir enn kapasitetsauke på veg og sentralisering!"
Om korkje statsministaren eller samferdsleministaren respekterer at fleirtalet i Vestland fylkesting vil prioritere liv og helse framfor Hordfast, ser ikkje Syversen poenget med høyringsrunden til NTP:
"Det blei sagt at regionreforma skulle styrke lokaldemokratiet. Etter statsministeren sin uttale og direkte innblanding i høyringsrunden, er det meir tydeleg enn nokon sinne at reforma er ein sentralisert demontering av demokratiet!"
Vestland har fått det økonomiske ansvaret for enorme etterslep på vedlikehald av vegnett, bane og ferjedrift. Samstundes er det klart at det trengs livsviktig rassikring og opprusting av hamner i heile fylket.
"Regjeringa innfrir ikkje vilkåra om fullfinansiering av oppgåvene, og toppar det heile med å vise at dei ikkje respekterer lokaldemokratiet, ei heller prioritering av liv og helse. Gigantbrua over Bjørnefjorden går framfor alt," avsluttar Jeanette Syversen.