Regionsekretær i 50% stilling for Raudt på vestlandet

Raudt er i rask vekst og utvidar no administrasjonen med ein regionsekretær som skal styrke og utvikle partiet i Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland. Regionsekretæren vil jobbe tett med fylkesstyra og vere ein ressurs for nye medlemmar og lokallag.

Arbeidsoppgåver:

  • Kontakt med lokallag og koordinering av arrangement
  • Svare på førespurnadar frå medlemmar og lokallag
  • Arbeid med presseutspel
  • Samarbeid med folkevalde
  • Det vil kunne bli endringar i arbeidsoppgåvene

Vi er på utkikk etter ein person med organisatorisk teft og politisk erfaring. Kjennskap til Raudt sin organisasjon og politikk er ein stor fordel.

Regionsekretæren bør ha evne til å jobbe sjølvstendig, gode samarbeidsevner og kunne uttrykke seg godt skriftleg og munnleg. Ein må rekne med noko reiseverksemd.

Arbeidsstad er partikontoret til Raudt Hordaland i Hans Tanks gate 17, sentralt i Bergen. Lønns- og arbeidsvilkår er etter tariffavtale mellom Handel og Kontor og Raudt.

Søknadsfrist: 4. juni

Tiltreding: 1. august

Søknad med CV kan sendast til hordaland@raudt.no

Spørsmål om stillinga kan rettast til fylkesleiar i Raudt Hordaland, Magne Hagesæter på e-post magne@raudt.no eller tlf. 959 68 760