Regionreforma – kva no?
På Fylkestingsmøtet onsdag 3. oktober fremjer Raudt ved Terje Kollbotn interpellasjon om regionreforma.
Til fylkesordførar Anne Gine Hestetun
Hordaland fylkeskommune
Interpellasjon til Hordaland fylkesting 2. og 3. oktober 2018 i Bergen.
Regionreforma – kva no?
Då Hordaland fylkesting handsama spørsmålet om samanslåing mellom Hordaland og Sogn og Fjordane den 3. februar 2017, vedtok fleirtalet:
«Om den nasjonale regionreforma får som utfall at tal fylke/regionar vert ført vidare på tilnærma dagens nivå og Stortinget ikkje finn grunnlag for å overføre viktige samfunnsoppgåver frå statleg til regionalt folkevald nivå, vil fylkestinget at Hordaland held fram og vert vidareutvikla som eige fylke / eigen region frå 2020».
20 månader seinare, er desse to føresetnadene etter Raudt sitt syn enno ikkje oppfylt.
Det er framleis uvisse om Finnmark og Troms i nord og Buskerud, Akershus og Østfold i aust blir slått saman til eitt fylke - i alle fall utan tvang - og Nordland, Møre og Romsdal, Rogaland og Oslo vil uansett halde fram som eigne fylke. Framleis kan det store fleirtalet av innbyggjarane i dette landet kome til å bu i fylke som ikkje blir slått saman.
Den andre føresetnaden om at viktige nye oppgåver/ansvarsområde blir overført frå statleg nivå, er heller ikkje oppfylt enno. Regjeringa har varsla ei oppgåvemelding 19.oktober i år, basert på Hagen-utvalet sine framlegg i februar. Signala til no, heller ikkje etter avtalen mellom regjeringspartia og KrF 24.september, tyder ikkje på dei heilt store endringane når det gjeld desentralisering av viktige samfunnsoppgåver og verkeleg makt frå sentralt hald ut i distrikta. Og for dei oppgåvene som skulle bli overført i 2020, står spørsmålet om overføring av ressursar framleis heilt ope fram til 2020.
Eg finn faktisk grunn til å sitere VG den 4.september i år, der avisa slår fast på leiarplass: «Arbeidet med å slå sammen norske fylker til større regioner må være noe av det sletteste politiske håndverk på lang tid»
Nyleg har både partileiar Jonas Gahr Støre (AP) og Trygve Slagsvold Vedum (SP) kritisert regionreforma som «eit makkverk» som saknar «legitimitet» og «forankring» i folket . Sidan Arbeiderpartiet (og Senterpartiet) i Hordaland fylkesting til no har vore positive og lojale til reforma og samanslåingsprosessen med Sogn og Fjordane, vil eg gjerne utfordre fylkesordføraren til å svare på fylgjande spørsmål i fylkestinget:
1. Meiner fylkesordføraren at føresetnadene i fylkestingsvedtaket i Hordaland 3. februar 2017 er oppfylt?
2. Om svaret er nei, kva forventningar har fylkesordføraren til at desse føresetnadene blir innfridd av regjeringspartia og Stortinget - og i tilfelle korleis meiner fylkesordføraren desse føresetnadene må bli innfridd av Stortinget for Hordaland og Sogn og Fjordane?
3. Kan fylkesordføraren støtte eit forslag om at Hordaland fylkesting tar endeleg stilling til regionreforma når vi kjenner det endelege utfallet i Stortinget, inkludert meiroppgåver og meiransvar og dei reelle konsekvensane av dette for Hordaland og Sogn og Fjordane?
4. Vil fylkesordføraren kunne gå inn eit forslag om å invitere innbyggjarane i Hordaland og Sogn og Fjordane til ei rådgjevande folkerøysting om samanslåingsprosjektet etter at Stortinget har tatt endeleg stilling til alle sider av regionreforma inkludert inkludert konsekvensane for våre to fylke – for å finne ut om reforma verkeleg har forankring i folket her vest?
Framlegg til vedtak:
Hordaland fylkesting tar endeleg stilling til om føresetnadene for samanslåingsvedtaket mellom Hordaland og Sogn og Fjordane er oppfylt, etter at Stortinget har slutthandsama saka om regionreforma og oppgåvemeldinga og konsekvensane for våre to fylke er avklara
Hordaland fylkesting går inn for at saka blir lagt ut til innbyggjarane i ei rådgjevande folkerøysting i dei to fylka før fylkestinget tar endeleg stilling til eventuell samanslåing.
Odda, den 26.september 2018 - Terje Kollbotn (fylkestingsrepresentant Raudt)