Regionreforma må vere demokratisk

14. desember skal Hordaland fylkesting seie ja eller nei til ein ny Vestlandsregion, utan at verken overføring av meiroppgåver eller arbeidsplassar frå staten er nærare avklara. 

Her kan du lesa Raudt sitt forslag i saka.

Regjeringa har sett ned eit ekspertutval som skal utgreie dette, før regjeringa og Stortinget skal ta stilling til innhaldet i denne sokalla regionsreforma neste vår. 

Denne prosessen har starta i feil ende og er i ferd med å utarte seg til ein politisk vits - som kan samanliknast med å røyste ja eller nei i eit tariffoppgjer utan å kjenne innhaldet i ein ny tariffavtale. Difor har naturleg nok motstanden blant innbyggjarane på Vestlandet vore stor. 

Denne «reforma» har vore kalla ei demokratireform. Då er det særs viktig at prosessen og den politiske handsaminga i alle fall er demokratisk. Difor vil partiet Raudt reise fylgjande forslag i Hordaland fylkesting på onsdag 14. desember:

1. Hordaland fylkesting tar ikkje stilling til ein ny vestlandsregion før regjeringa og Stortinget har avklara nærare innhald og meiroppgåver våren 2017. 

2. Hordaland fylkesting går inn for at det blir gjennomført ei rådgjevande folkerøysting i vestlandsfylka i samband med stortingsvalet 2017 før slutthandsaming i fylkestinga. 

Gjennom dette forslaget vil regjeringa og stortinget bli utfordra på ein heilt annan måte enn ved at fylkestinga seier ja eller nei innan svarfristen regjeringa har satt den 15.desember. Dette forslaget sikrar og at innbyggjarane på Vestlandet får høve til å påverke denne store saka. Dette var ikkje eit sentralt tema verken før stortingsvalet 2013 eller fylkestingsvalet 2015.