Mailiss Solheim ny regionsekretær for vestlandet

1. august byrjar Mailiss Solheim som regionsekretær for Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland. Regionsekretæren vil jobbe tett med fylkesstyra og vere ein ressurs for nye medlemmar og lokallag, særleg der Raudt har potensiale til å vekse.

Mailiss er 29 år og har erfaring som frivillighetskoordinator, butikksjef med og med forskjellig frivillig arbeid. Ho har tidlegare hatt verv i Nei til EU, Natur og Ungdom og er i dag styremedlem i Raudt Bergen.

Mailiss har delteke på Klassekampen sitt skriveakademi og har mastergrad i teologi og årsstudium i sosialantropologi.

Regionssekretæren vil ha fast plass på Raudt Hordaland sitt kontor i Bergen, men vil naturlegvis også reise ein del på vestlandet.

Vi ønsker Mailiss lykke til i den nye jobben!

Vil du kontakta vår nye regionsekretær? Send ein mail på: mailiss@raudt.no