Redd Bokbåten Epos
For å spare inn 700.000 i ein gjeldtynga fylkeskommune, har fylkesrådmannen foreslått å leggje ned bokbåten Epos i Hordaland frå 1.juli neste år. Dette skal avgjerast på budsjettmøtet i fylkestinget den 9.desember.
I dag kom den gledelege nyhende om at Bokbåten er redda, etter at SV, Arbeiderpartiet, Kristelig Folkeparti og Senterpartiet har vorte einige om budsjettet for Hordaland fylkeskommune.
Denne saka stod óg på trykk i Askøyværingen og Avisa Hordaland.
Dette har vore eit flytande kulturtilbod som har skapt leselyst og fantasi langs kysten og i fjordane våre sidan 1963. Bokbåten har vore forsøkt nedlagt før, men blitt redda gjennom eit aktivt engasjement frå mange hald. No er det alvor. Fylkestinget i Sogn og Fjordane vedtok å avvikle ordninga i fjor. Skal kulturfylket Hordaland fylgje etter?
Svaret mitt er nei. Vi treng fleire – ikkje færre – gode tilbud i distrikta for å motverke den sentraliseringsbølgja som skyllar over Hordaland og resten av landet. Er bokbåten blitt heilt avlegs, slik enkelte hevdar? Eg vil minne om at bokbåten Epos vart kåra til årets bibliotek i fylket nyleg , topp 3 i Norge og topp 10 som unikt bibliotek i verda. Ikkje all kultur- og litteraturformidling kan skje via internett i distrikta. Medan Oslo, Bergen og andre storbyar «vassar» i levande kulturtilbod, er bokbåten framleis ein levande kulturinstituasjon i distrikta.
I november er Epos på tokt til heile 51 stader i fylket, med forestillingar og bokutlån for store og små. I forrige veke besøkte eg som fylkestingsrepresentant Epos når den la til kai i Tyssedal. Eg fekk ei fantastisk oppleving ombord ilag med born frå barnehagen, barneskulen og vaksne. Dei hadde gledd seg i dagevis. Dei bar kasser med utleste bøker om bord, fekk med seg forestillinga til forfattaren Siv Wyller «Hockeysveis gir dårlige rim» og lånte kassevis med nye bøker som skal bli lest på omgang i Tyssedal fram til neste besøk neste vår. Det er noe heilt eige med bokbåtbøker, fekk eg høyre.
Eg oppmodar alle dei andre fylkestingsrepresentantane om å ta seg tid eit besøk på bokbåten Epos før saka skal avgjerast i fylkestinget, oppleve gleda hos dei små og ta ein prat med eldsjelene som jobbar på og for bokbåten. I Sogn og Fjordane er bokbåten no sårt sakna mange stader. La oss ikkje oppleve det same i Hordaland. Fylket vil bli fattigare utan bokbåten Epos.
Terje Kollbotn, fylkestingsrepresentant frå Raudt