Raudt vil ha målretta tiltak for å utvikle industrikommunane i Vestalnd
I august la SSB fram ein rapport om folketalsutviklinga i landet fram mot 2050. Distrikta og særs indusrikommunar er dei store taparane. Dette vil Raudt motarbeide og framma føreslag på fylkestinget om å utvikle målretta tiltak for å utvikle industrikommunane i fylket.
LA OSS GJERE SSB-PROFETIANE KRAFTIG TIL SKAMME!
Fylkesordførar!
18. august i år la Statistisk Sentralbyrå (SSB) fram ein statistikk (prognose) for folketalsutviklinga i Norge fram til 2050. Her blir det lagt fram tal som forsterkar samfunnsutviklinga i retning av sentralisering. Utkantane blir i denne rapporten den store taparen dei neste 30 åra. Ikkje minst gjeld dette tradisjonsrike kraft- og industrisamfunn over heile landet, som t.d. Glomfjord, Narvik, Mosjøen, Mo i Rana og Sunndal. Her i Vestland fylke gjeld dette m.a. Høyanger, Årdal, Svelgen, Ålvik, Tyssedal, Odda og Husnes og kommunane desse industrisamfunna tilhøyrer.
Denne rapporten byggjer både på ei negativ utvikling av industriarbeidsplassar og folketal gjennom mange år, og analyse av dominerande samfunnstrendar i dag. Dette er dramatisk for stolte og livskraftige lokalsamfunn og kommunar som har hatt og har ei verdiskaping pr. innbyggjar heilt i norgestoppen og vore ei drivkraft for distrikts- og velferdsbyggjing i landet. Det må difor vere ei hovudutfordring for fylkespolitikarane her på Vestlandet å medverke til å gjere denne statlege rapporten kraftig til skamme. Diverre må eg konstatere av statistikk-makarar i Vestland fylkeskommune opererer med enno dystrare prognosar når det gjeld fleire av desse industrikommunane.
Ei hovedårsak til denne negative samfunnsutviklinga etter Raudt sitt syn ei langvarig undergraving av fundamentet for desse industrisamfunna gjennom at statlege styresmakter har definere vasskrafta som er vare som er til sals til høgstbydande i ein internasjonal energimarknad. Dette skjer m.a. gjennom stadig fleire kraftkablar til utlandet og stadig nærare tilknytning til det europeiske energibyrået ACER. Å nytte den rimelege, reine, fornybare vasskrafta som eit industripolitisk verkemedel for industri- og samfunnsutvikling i Norge, er ikkje lenger «på moten». Ein nasjonal politikk for å byggje heile landet var grunnlaget for etablering og utvikling av desse moderne industrisamfunna gjennom nærare hundre år. Samstundes har desse samfunna utvikla ein industriell spisskompetanse i verdsklasse og eit stort potensiale for industriutvikling og knoppskyting på mange felt som er avgjerande for å kunne utvikle landet som ein klimavenleg industrinasjon i framtida.
Spørsmål 1: Er fylkesordføraren samd i vurderingane i denne interpellasjonen?
Spørsmål 2: Om svaret er ja, kva vil fylkesordføraren saman med fylkestinget gjere for å aktivt motverke den utviklinga som SSB her spår dei neste 30 åra?
Onsdag 16.september var det eit nytt større oppslag om denne saka i Vestlandsrevyen (NRK). Her vart direktøren i det statlege Distriktssenteret, Marit Melling, intervjua. Hennar bodskap var svært nedslåande og defensivt: Det gjaldt no for distriktskommunane « å forsone seg med fråflyttinga», «å ta innover seg realitetane» , «å ikkje setje seg urealistiske mål om å snu trenden»» og heller satse på å skape «eit godt liv» for dei som framleis vel å bu i desse samfunna. Om bodskapen er representativt for det statlege Distriktsenteret og den statlege forvaltninga, er dette rett og slett provoserande for ein fylkespolitikar som kjem frå eit industrisamfunn som Odda. Og det gir ikkje minst sterke negative statlege signal til ungdom som ynskjer å satse på ei lys og spanande framtid i klimavenlege arbeidsplassar i fastlandsindustrien og i distrikta.
Spørsmål 3: Kva er fylkesordføraren sin politiske kommentar til bodskapen frå direktøren i Distriktssenteret i Vestlandsrevyen den 16.september?
Framlegg til vedtak:
Vestland fylkesting vil i den komande utviklingsplanen og andre styringsdokument for Vestland fylke leggje stor vekt på å utvikle målretta tiltak for å utvikle industrikommunane i fylket, og medverke til at SSB sine prognosar 2020-2050 ikkje blir ein realitet på dette området.
Terje Kollbotn (fylkestingsrepresentant Raudt)