Raudt vil behalda Hordaland som eige fylke

Innlegg frå Raudt sin fylkestingsrepresentant, Terje Kollbotn på felles fylkesting mellom Hordaland og Sogn og Fjordane fredag 27. oktober i Gulen.

Eg talar i dag på vegne av partiet Raudt både i Hordaland og Sogn og Fjordane. Sjøl kjem eg frå kraft- og industrikommunen Odda, men er halvt harding og halvt nordfjording. Slektsnamnet mitt Kollbotn kjem frå ein liten fjellgard i Breim.

Partiet Raudt er sterkt for overføring av meir makt, meir kapital, meir ansvar og lokaldemokrati og fleire statlege arbeidsplassar til distrikta, både her vest og elles i landet. Det har vore hevda at dette og har vore målet med regionreforma. Men dei siste åra har utviklinga stort sett gått motsatt lei, med enno meir sentralisering. Berre i Hardanger har vi mista netto 234 statlege arbeidsplassar sidan år 2000. Det einaste vi har fått overført av meiransvar frå staten er kommunane har fått rett til borgarleg vigsel. Denne reforma er ikkje truverdig so lengje ikkje meiroppgåvene er på plass. Statssekretæren hadde ingenting nytt med seg i dag, berre at eit ekspertutval skal avlevere innstilling 1. februar neste år.

Som bygg- og anleggsarbeidar vil eg samanlikne dette med eit byggverk utan fundament og grunnmur. Ein ny reform som ikkje er sterkt fundamentert i folket, der vi enno ikkje kjenner innhaldet i grunnmuren, blir eit skjørt byggverk.

I vedtaka i fylkestinga i februar i år vart det vedtatt at det var ein føresetnad for ei eventuell regionløysing at nye oppgåver / ansvarsområde vert tilført.

Denne føresetnaden er etter Raudt sitt syn ikkje oppfylt. Difor bør vi nytte den politiske makta her på Vestlandet til å stå saman og oppreist og kreve at måla med denne reforma blir meir enn tomme ord. 

Difor vil eg varsle fylgjane forslag til dagens fylkestingsmøte:

Fylkestinget utset å gjere nye vedtak om eventuell samanslåing mellom Hordaland og Sogn og Fjordane fylkeskommunar inntil føresetnaden om nye oppgåver / ansvarsområde frå Regjering og Storting er oppfylt.