Raudt Vestland sitt alternative budsjett 2022
Denne veka fremja Jeanette Syversen og Terje Kollbotn Raudt sitt alternative fylkesbudsjett i Vestland fylkesting.
Raudt Vestland har denne veka lagt fram sitt alternative fylkesbudsjett. Det kan du lesa her. I tillegg til det heilskaplege budsjettforslaget, fremja Raudt ei rekke såkalla verbalframlegg.
Verbalframlegg til budsjett 2022 i Vestland fylkesting frå Raudt Vestland:
- Vestland fylkesting vedtek at det skal greiast ut kva som er dei moglege gevinstane ved å utvide reinhald i eigen regi til dei tannklinikkane som i dag nyttar anbod, både for området Stor -Bergen særskild og for heile Vestland. (identisk med fleirtalsvedtak i AMU)
- Vestland fylkesting går inn for å greie ut eit pilotprosjekt for 6-timars arbeidsdag med full lønskompensasjon, innan reinhaldssektoren. Fylkestinget ber om at administrasjonen går i dialog med partane, om korleis dette kan gjennomførast, og kome attende med ei sak med sikte på oppstart seinast 1. januar 2023.
- Vestland fylkesting meiner det er ein prioritet å ha gode system for oppfylging internt, ved alle byggeplassar der fylkeskommunen er byggherre. Fylkestinget vil difor be fylkesdirektøren om at det vert dedikert ressursar og tid slik at fagforeiningane knyta til bygg og anlegg (Fair Play Bygg), har ein kontaktperson i administrasjonen, som aktivt skal samarbeide for å førebyggja sosial dumping og arbeidslivskriminalitet eller andre brot på lov og avtaleverk der fylkeskommunen er byggherre.
- Vestland fylkesting aksepterer ikkje aldersdiskriminering i tilsetjingsprosessane.
- Vestland fylkesting anerkjenner det viktige arbeidet som vert gjort av dei tilsette ved Manger Folkehøgskule. Vestland fylkesting held fram å støtte skulen og går ikkje inn for å redusere tilskott resten av perioden 2022-23.
- Vestland fylkesting ber fylkesdirektøren oppdatere rapporten «Regionreforma; Oppgåve- og ressursoverføringar til Vestland fylkeskommune» (datert oktober 2020) før årsmelding 2021 og årsrekneskap 2021 blir handsama i fylkestinget juni 2022.
- Vestland fylkesting krev at den nye Regjeringa og det nye Stortinget må ta det økonomiske hovedansvaret for underdekninga på fylkesvegnettet. Dette området må bli vesentleg styrka alt i revidert nasjonalbudsjett våren 2022.
- Tilleggsframlegg til Fylkesutvalet sitt verbalforslag nr. 6 : Fylkesdirektøren blir og beden om å sikre framdrift i planprosessane på fylgjande ras- ogtrafikksikringsprosjekt – slik at desse prosjekta og kan vere med i prioriteringsdiskusjonen ved handsaming av handlingsprogrammet i Regional Transportplan 2022-2025:
- Fv 609 Førde – Askvoll
- Fv 615 Sandane – Storebru
- Fv 6500 Arnafjorden – Vik
- Fv 614 Svelgen – Indrehus
- Fv 55 Bru over Esefjorden
- Vestland fylkesting innfører gratis elev-PC ordning og aldersfri studentrabatt på kollektivtrafikk frå og med 2022. Dette blir finansiert av auka konsesjonskraftinntekter.
- Vestland fylkestinget vil medverke til at fylkeskommunen sine tenester skal vere til gagn og ikkje til hinder for papirlause i fylket. Ideelle organisasjoner som til dømes «Menneske i Limbo» og Kirkens Bymisjon arbeidar med å betre livssituasjonen til «papirlause» menneske. Eit sterkare samarbeid mellom dei nemnde organisasjonane og fylkeskommunen kan medverke til styrke helsa og livskvaliteten til papirlause og deira born. Fylkestinget ber om ei sak før neste budsjetthandsaming, som kartlegg kva handlingsrom fylkeskommunen har på å imøtekome behova innafor dette feltet, og kva kostnader som er knytta til dette.