Raudt Vestland sitt alternative budsjett

På fylkestingsmøte i Vestland fremmet i går Raudt sitt alterantive budsjett, der vi fokuserer på å utjevne sosiale og geografiske forskjeller. Hele budsjettforslaget og våre såkalte "verbalforslag" kan du lese her.

Gruppeleder Jeanette Syversen la fram budsjettet sammen med møtende vara representant Anders Hamre Sveen, i det digitale fylkestingsmøtet 15. desember.

I går fremmet Raudt Vestland et budsjett som prøver å utjevne de økte forskjellene sosialt og geografisk. Vi prioriterer blant annet et mer rettferdig arbeidsliv: A-krim-forebygging, fagbrevjobb og 6-timersdagen. Dessuten har vi foreslått at det gjennomføres en rådgivende folkeavstemming om regionreformen i forbindelse med Stortingsvalget, og satt av 1 million til dette.

Vi satser på desentralisert opplæringstilbud, 2% takstreduskjon på buss og bane, miljøkoordinatorer og psykologtjenesten, på bekostning av konsulenttjenester, kutt i lederlønn og politikergodtgjørelse.

Dessuten prøvde vi å få med fylkestinget på følgende uttalelse til regjering og Storting: "Vestland fylkesting går inn for at staten overtar det økonomiske ansvaret for den store underdekninga på fylkesvegnettet, og at dette blir retta opp i samband med Nasjonal Transportplan 2022-2034 i Stortinget våren 2021." Denne politikken fikk vi dessverre ikke like bred oppslutning om som vi hadde håpet, da posisjonspartiene stemte i blokk. Vi fortsetter å kjempe for vår politikk i opposisjonen!

Raudt Vestland sitt alternative budsjett

Raudt Vestland sitt alternative budsjett

I tillegg til et helhetlig alternativt budsjett, fremmet vi ti verbalforslag - det vil si forslag som stemmes over enkeltvis.

VERBALFRAMLEGG:

  1. Vestland fylkesting ber fylkesrådmannen leggje fram ei eiga sak i fylkestinget i mars 2021 med evaluering av år 1 (2020) av fylkessamanslåinga.
  2. Vestland fylkesting går inn for at det blir gjennomført ei rådgjevande folkerøysting om fylkessamanslåinga i samband med stortingsvalet 2021.
  3. Vestland fylkesting går inn for at staten overtar det økonomiske ansvaret for den store underdekninga på fylkesvegnettet, og at dette blir retta opp i samband med Nasjonal Transportplan 2022-2034 i Stortinget våren 2021.
  4. Vestland fylkesting går i 2021 inn for å iverksette eit pilotprosjekt for 6-timars arbeidsdag med full lønskompensasjon, for reinhaldsarbeidarar ved ein utvalt skule. Fylkestinget ber om at administrasjonen går i dialog med fagforeiningane og vernetenesta, for å utrede korleis dette kan gjennomførast, og komme tilbake med ei sak for oppstart av dette seinast 1. januar 2022.
  5. Vestland fylkesting anerkjenner den viktige rolla som SEMI (Senter for migrasjonshelse) i Bergen har for eit heilskapleg psykosomatisk tilbod for dei som har rett på vidaregåande opplæring i Vestland fylkeskommune. Fylkestinget ber administrasjonen om ei sak, der ein ser på integrasjonsoppgåvene til Vestland fylkeskommune, i eit tverrfagleg perspektiv, og korleis fagmiljøet rundt SEMI kan spille ei rolle som samarbeidspartnar for å kvalitetssikre fylkeskommunens gjennomføring av kvalifisering på integrasjonsfeltet.
  6. Vestland fylkesting anerkjenner den viktige rolla som dei kommunale norskopplæringsstadene i fylket, som til dømes Nygård skule i Bergen har på integrasjonsfeltet. Fylkestinget ber administrasjonen om ei sak, der ein ser på korleis fagmiljøet rundt Nygård skule kan spele ei rolle som samarbeidspartnar for å kvalitetssikre fylkeskommunens gjennomføring av kvalifisering på integrasjonsfeltet.
  7. Fylkestinget i Vestland anerkjenner det viktige arbeidet som vert gjort av dei tilsette ved Manger Folkehøgskule. Vestland fylkesting held fram å støtte skulen og går ikkje inn for å redusere tilskott dei neste 4 åra. Dette er eit av Vestland fylkeskommune sine viktige flaggskip for musikk med mellom anna brass-band som sentral markør nasjonalt. Dette er eit viktig frilynt alternativ for unge i fylket som kanskje er skulelei, til å utvikle sine kreative sider, før dei tar steget heilt ut i kultur og musikkbransjen. Skulen er eit bankande hjarte av kreativitet og verdiskaping i Vestland så vel som i lokalsamfunnet.
  8. Kommunereforma har ført til fleire tomme rådhus rundt omkring i Vestland. Unntakstilstanden under koronaepidemien har dessutan synt at det er mogleg å gjennomføre fleire nødvendige jobbmøte digitalt over Internett. Dette syner at fylkesadministrasjonen kan arbeide ilag sjølv om ein er spreidd geografisk. Ein større del av fylkesadministrasjonen bør desentraliserast ut til ulike stader i Vestland. Fylkesadministrasjonen skal difor, i samarbeid med organisasjonane og dei tillitsvalde for dei fylkeskommunalt tilsette, setje i gang ein prosess for å finne ut kva for stillingar som kan flyttast ut av Bergen, og kor desse skal lokaliserast. Dette vil gjere at delar av lokala i hovudfylkesbygget i Bergen vil kunne leigast ut, noko som vil generere leigeinntekter til fylkeskommunen.
  9. Vestland fylkesting meiner det er ein prioritet å ha gode system for oppfølging internt, ved alle byggeplassar der fylkeskommunen er byggherre. Fylkestinget vil derfor be fylkesrådmannen om at det vert dedikert resursar og tid slik at fagforeiningane knyta til bygg og anlegg, har ein kontaktperson i administrasjonen, som aktivt skal samarbeide for å førebyggja at sosial dumping og arbeidslivskriminalitet eller andre brot på lov og avtaleverk førekomer på bygg der fylkeskommunen er byggherre.
  10. Vestland fylkesting vil oppmode om at sektor for opplæring førebur ei sak som syner korleis ein i skulen skal arbeide målretta og i tråd med vedtak om «Vestland fylke som Antirasistisk sone», i samarbeid med organisasjonen Dembra ( Demokratisk beredskap mot rasisme og antisemettisme) og Rafto-stiftinga.