Raudt støttar naturvernforbundets krav om å gjera Reksteren til nasjonal kystpark!
I dette innlegget skriv 1. kandidat for Raudt Vestland, Jeanette Syversen, og 2. kandidat for Raudt Stord, Tore Blokhus, kvifor vi er mot Hordfast og for å verne regnskogen på Reksteren.
Me lev i ei tid der Amazonas vert sett i brann for at store selskap skal produsera soyafor. Foret skal til land som Noreg, for å forsyna oppdrettsnæringa. Me lev i ei tid der dei store multinasjonale selskapa sine interesser vert sett framfor arbeidsfolk og naturen si tolegrense. FN sitt klimapanel seier at uansett om me stoppar CO2-utsleppa innan me har nådd 2 gradars målet, vil det vera naudsynt å finna måtar å lagra CO2 på. Bevaring av myr og skog, er naturlege måtar å gjera dette på. Men det fordrar at me har politikarar som er villige til å bevare det grøne som veks, og ikkje berre satse på “økonomisk grøn vekst”. Slik som i store vindmølleparkar, som utelukkande tener energiselskapa, og leverer straum med grønt stempel, på bekostning av naturmangfaldet.
I ei slik tid, har dei unge teke radikale steg, og starta klimastreik. Dette tek me i Raudt på ramme alvor. Nok er nok, no er det på høg tid å bremse tapet av naturmangfald. Difor har me teke til orde mot handelsavtale med Brasil. Noreg kan bli sjølvforsynt med fôr til næringar som treng dette, om me satsar på forsking og yrkesfag retta mot bærekraftig akvakultur. Raudt vil setta oppdrettsnæringa under kontroll, og krev lukka anlegg. Me er nøydd å sikra oss at livet under havoverflata, og livet langs kyststripa vår, har dei beste føresetnadene for å forbli grøne, viktige lunger.Desse lungene held økosystemet i balanse og skapar blå lagunar for villfiskestammane våre
Me treng fleire verna områder langs Hordalandskysten. No trugar Hordfast prosjektet med 4-felts motorveg og gigantbru over Bjørnafjorden nokre av dei mest biodiverse områda vi har her i fylket. Raudt er mot Hordfast. Prosjektet vil auka klimagassutsleppa, og gå på bekostning av naturmangfaldet. Me har allereie eit enormt etterslep på oppgradering av eksisterande veg og bane i fylket, i tillegg stort behov for rassikring og utbetring av ulykkesutsette vegstrekningar.
Det er enormt viktig at stordabuar, bømlingar, fitjarbuar og tysnesingar no engasjerer seg for urskogen på Reksteren. Sanninga er at ingen av dei utbyggingskåte Hordfast-tilhengjarane har laga noko som helst kretsløpsanalyse av kva konsekvens gigantprosjektet har når det gjeld utslepp, tap av myrområde og biomangfald langs kysten. Me veit at naturen sine små bestanddelar, som insekta, er avgjerande i eit økosystem. Insektsdød er ein av fleire tragiske hendingar som skjer nett no, og som trugar vår eksistens.Me som bryr oss om vår nære natur må reisa oss no, og gje klar melding til politikarane som kjem til fylket og Stordøya i dag. Dei er på friarferd, for å sanke stemmer. Den stemma som tel mest, er den som ikkje kan høyrast utan at det er heilt stille, eller nokon lar den tale igjennom seg. Moder jord si stemme!
Raudt støttar Naturvernforbundet sin søknad, som vart levert til Fylkesmannen. Me krev nasjonalpark på Reksteren, og håpar at alle som er imot Hordfast prosjektet vil stilla opp for urskogen som er så viktig for heile regionen. Me stør ein omkamp om monstervegprosjektet!
Tore Blokhus 2. kandidat Raudt Stord
Jeanette Syversen 1. kandidat Raudt Vestland
Foto: Erica Restoften.