Raudt støttar dei streikande bussjåførane!

På dagens møte i Vestland fylkesting framma Terje Kollbotn frå Raudt ei støttefråsegn til dei streikande bussjåførane. Possisjonspartia Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti stemde i mot at fråsegna skal realitetshandsamast - altså debatterast og stemmast over på fylkestingets siste dag.

Førre veke vart busstreiken utvida til å omfatte heile Vestland fylke, og Raudt ynskjer å vise sin fulle støttte til dei streikande bussjåførane. Dette meiner vi heile fylkestinget også skulle ha støtta. Diverre stemde SP og KrF mot at fråsegna skulle realitetshandsamast, slik at det ser ut til at vi ikkje får send ei samla støtte frå heile fylkestinget til dei streikande.

Fråsegna lyder som følangde:

VESTLAND FYLKESTING STØTTAR BUSS-STREIKEN.

Laurdag 26.september vart buss-streiken utvida til å omfatte heile Vestland fylke. Ei løn å leve av, kompetanseheving, tryggleik for passasjerar og sjåførar og arbeidstidsordningar ein kan leve med, har vore sentrale krav frå buss-sjåførane. Sidan Bussbransjeavtalane (BBA) vart inngått i 2007, har diverre sjåførane opplevd at utviklinga har gått i feil lei.

For Vestland fylkeskommune, som har ansvaret for å organisere kollektivtrafikken i heile fylket, er det eit stort behov for å styrke attraktiviteten, rekrutteringa og kompetansehevinga innan bussbransjen. Fram til 2030 vil det vere hehov for å rekruttere mange tusen nye sjåførar i landet for å kompensere for naturleg avgang, auka tilbod som fylgje av befolkningsvekst og nullutsleppsmålet for privatbilisme i byområda.

Skal dette skje, ser Vestland fylkesting det som viktig at statusen og lønsnivået til buss-sjåførane blir heva.

Vestland fylkesting kan ikkje akseptere at dei buss-selskapa som fylkeskommunen har inngått kontraktar med, pressar løns- og arbeidsvilkåra for buss-sjåførane nedover.

Vestland fylkesting ser fram til ein snarleg slutt på streiken basert på ein ny avtale som både vil auke statusen for buss-sjåførane og styrke kollektivsatsinga i fylket.

Forslagstillar: Terje Kollbotn (Raudt).