Raudt stiller liste på Bømlo

Listestillingsarbeidet pågår i heile distriktet. 28. mars vart det klart at vi stiller liste på Bømlo. Eldis Myhre (67) er førstekandidat på lista.

Eldis Myhre er Raudt sin førstekandidat

Partiet Raudt stiller liste på Bømlo i kommunevalet i haust. På topp står 67 år gamle Eldis Myhre (biletet) som bur på Finnås.

Myhre er opphaveleg frå Nord-Troms, men har budd på Vestlandet i 50 år, dei siste to åra på Bømlo.

Eldis Myhre, førstekandidat for Raudt Bømlo

I Bømlo-politikken brenn ho for å utjamne forskjellane mellom folk, og for ein rettferdig miljøpolitikk der kystkommunane sin natur ikkje vert rasert for å fylla andre sine behov for straum.

- Straumpriskrisa er reell, men løysinga ligg ikkje å bygge ned meir av vestlandsnaturen med vindmøller, seier Myhre.

-Straumpriskrisa har gjort vondt verre for dei fleire hundre familiane på Bømlo som er fattige etter SIFO sine definisjonar. Løysinga er makspris på vanleg straumforbruk og at kommunen gjev naudsynt støtte til dei familiane som treng det for å ha mat på bordet kvar dag.

Heile Raudt si liste ser slik ut:

  1. Eldis Myhre 67 Finnås
  2. Kasper Vestvik Hovland 34 Finnås
  3. Eirik Slettebø 35 Rubbestadneset
  4. Mary Helen Borlaug 65 Mosterhamn
  5. Eirik Habbestad Helleve 31 Finnås
  6. Åse Gunn Husevik Stavland 39 Bremnes
  7. Sebastian Bjerche 31 Bremnes
  8. Arvid Mørk Mikkelsen 47 Urangsvåg